Velledalen IL stiller i lagkonkurransen i Midt-norsk

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Aug 2021

Midt-Norsk opnar med
sprint fredag 13.august. Her er i skrivande stund 305 påmelde deltakarar. Dagen
etter

 går l

angdistanse med 382
påmelde. Siste dag, sundag 15.august, står mellomdistanse og lagkonkurranse på
programmet.

Og det er svært gledeleg
at Velledalen IL stiller i lagkonkurransen. Førebels er 15 lag påmelde. 14
trønderlag, pluss Velledalen IL sitt lag. Slik det ser ut akkurat no, skal desse i
aksjon for Velledalen IL under lagkonkurransen:

Sofie Fløttum Fauske

Johan Fløttum Fauske

Mikkel Ibsen Lervåg

Tobias Ibsen Lervåg

Som alle skjønar er
Midt-Norsk i orientering ganske svære greier. Difor er det kjekt at Velledalen
IL vert representert alle dagar.

Les VIL-Nett og hald deg
oppdatert om korleis det går i Sør-Trøndelag!