I dag slår vi eit slag for sprek alderdom

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Aug 2021

Foto til saka: Terje Erstad
  I dag slår vi eit slag for sprek alderdom. Det gjer vi med eit foto av Bård Per Erstad på Tungremstindane (1290 meter over havet). Sjølv om Bård i yngre år både var sprek og sporty, er ikkje det einstydande med at han skal kome seg til Tungremstindane i ein alder av 78 år.
  For det er faktisk det han er, 78 år. Som betyr at Bård held koken, sjølv om han opp gjennom åra ikkje akkurat har spara kroppen. Vi nemner:

   

  ·
   

  350 obligatoriske kampar for VRF. Ein stad mellom 600-700 totalt
   
   

  ·
   

  Fyrste VIL-løpar som gjekk Birkebeinerrennet. Ei rekkje lokale renn
   
   

  ·
   

  Sterk stafett-løpar for Velledalen IL, mellom anna i Holmenkollstafetten
   
   

  ·
   

  Dyktig hesteskokastar
   
   

  ·
   

  To gonger trimpostvinnar samanlagt i Velledalen IL
   
   

  ·
   

  Mangårig løypesjef for Fjellsæterrunden. Fleire tiår i VIL si langrennsgruppe.
   
   

  ·
   

  Fotballtrenar i VRF.
   
   

  ·
   

  Lagleiar gjennom fleire år for VRF sitt A-lag i den siste suksessfulle bølgja på slutten av 1990-talet.

   
  Det er kanskje noko med genane. Vi har blitt fortalt at ein ganske nær slektning (syskjenborn) av Bård, Elling Hole, var observert på Holetindane (1242meter over havet) nyleg. Elling er 80.
   
   
  Vi kan ikkje gjere så mykje med det, anna enn lovprise sprek alderdom. Og fortelje at vi er stolte av slike «gutar».