Ny «likes-rekord» på Velledalen IL Facebook

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Aug 2021

Svein Arne Nakken sin
symjetur frå Magerholm til Aursnes har i skrivande stund kome opp i 344 «likes»
og 47 kommentarar.

Den tidlegare rekorden
hadde skildringa av korleis Skodje-kvinna (no Ålesund), Elise Stette, måtte
vente i kring to år på to Konrad-krus… Men som ho endeleg fekk på toppen av
Dalsnibba like etter fullføringa av Nibbeløpet for ein del år sidan. Den saka
fekk kring 270 «likes», ein rekord som altså stod heilt til Svein Nakken skaut
seg ut frå Magerholm i våtdrakt og med fylgjebåt.

  -
   

 Og eg, som ikkje
ein gong er på Facebook, kommenterte Svein, då han fekk den glade bodskapen.