Stunt på djupt vatn av Gyls-bonden
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jul 2021
Svein etter fullført stunt
Personar busette i
Velledalen IL sitt kjerneområde er kjende for å flyte tungt i vatn. Det hindra
ikkje Gyls-bonden (Svein Arne Nakken) i å gjere eit stunt på djupt vatn i går.
-
Eg har sysla med
tanken lenge, men det har aldri vorte, røpa han til VIL-Nett på sein kveldstid
måndag 26. juli, same dato stuntet vart gjort.
Svein starta frå Magerholm.
Med alt av utstyr ein kan tenkje seg, inkludert ein fylgjebåt med mannskapet
Irene, Fridtjof, Sivert og Andreas. Fyrste 1000 meter gjekk
på 30 minutt, men det skulle bli tyngre,
viste det seg. Svein fortel:
-
Distansen
Magerholm-Aursnes der eg symde er røffleg 3300 meter i rett line. Men på grunn
av sterk straum ut fjorden gjorde det ferda vesentleg lenger. Turen tok like i
underkant av 135 minutt
-
Fylgjebåten var
aldri lenger enn 15-20 meter unna, så eg kjende meg trygg heile tida.
-
I ettertid kan eg
seie det er kjekt å ha gjennomført denne fjordkryssinga kun ved eiga hjelp. Men
såpass kan eg seie, at dette er noko utrena personar utan støtteapparat bør
halde seg unna!
PS. Vi skal gjere alt vi
kan for å informere om det vert aktuelt å ta Stranda - Liabygda og Eidsdal - Linge,
no når han fyrst er i symjemodus.