Orienteringshausten nærmar seg!
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Jul 2021
Arkivfoto
"God sommar!" startar meldinga frå orienteringsgruppeleiar Pernille som nyleg har returnert frå ferie i Danmark. Fellesferien er for mange snart over og batteria er ladda. Arrangørar og store og små deltakarar er klare for ny orienteringsaktivitet.
I tida framover vil orienteringsgruppa til Velledalen IL arrangere treningar for alle aldersgrupper, frå den fyldige orienteringskart-katalogen vår. Allereie neste veke startar gruppa opp med treningar for born. Først er det skulegårdskartet for Ullavik Skule ein skal prøve seg på.
Høgdepunktet i VIL-regi er nok den årlege samlinga på Fjellsæter Ungdomssenter første helga i september. Samlinga avsluttast med kretsløp med den nye karta frå området ved Sessvatnet.
"Det høyrast kanskje skummelt ut med konkurransar og meisterskap, men det er heilt ufarlig og uhøgtideleg. Det er berre eit vanlig o-løp der du styrer med ditt i skogen." fortel Pernille.
Nokre av løpa og samlingane som trekkast fram av orienteringsgruppa:
Geilo 4-dagers (29. juli til 1. august)
Eit supert orienteringarrangement!
Midt-norsk meisterskap, Oppdal (13. august til 15. august)
Emblem IL inviterar med Velledalen IL på klubbtur til Oppdal. Lagkonkurranse for born sundagen.
Orienteringssamling på Fjellsætra (3. september til 5. september)
Vår eiga samling på Fjellsætra med trening og kretsløp.
Molde 2-dagers (11. september til 12. september)
Eit løp som varmt anbefalast!
Fjellgeita (Emblem) (26. september)
Sesongen avsluttast med det tradisjonelle løpet på Emblem.
Då er det berre å merke av i kalenderen!