Frode best på 10 km i kl. 45-49 år i Sommarkarusellen

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jul 2021

Denne gongen var det flest
fullførande på fem kilometer med 36, mot 27 på ti kilometer. Diverre var Frode
Mauren åleine frå Velledalen IL, men han leverte ein framifrå prestasjon med
trygg klassesiger. Tida vart 38.08, fjerde best på ti kilometer uansett klasse.

Resultat 10 km klasse M 45-49:

1. Frode Mauren,
Velledalen IL, 38.08

2. Terje Sliper, Bratsberg
IL, 40.27

3. Gunnar Emblem,
Hakallestranda, 41.42

4. Yuri Makasslouk,
Ellingsøy, 56.45

Frode Mauren seier i ein
kommentar til VIL-Nett:

 -
   

 Merka at det har
vore lite konkurransar i det siste. Eg starta bra, men stivna litt siste to
kilometerane. Men det mest gledelege; ingen teikn til hjarteflimmer denne
gongen!

Beste herre 5 km: Andreas
Vangsnes, Hofseth Runners, 16.20

Beste kvinne 5 km: Elida
Fuglem, Valldal IL, 19.55

Beste herre 10 km:
Kristoffer Tollås, KML, 32.34

Beste kvinne 10 km: Rannei
Sæther, Byåsen IL, 41.00

VIL-Nett takkar Frode
Mauren for ein solid representasjon, og håper han får selskap av langt fleire VIL-utøvarar
til løp nummer tre i august.