MiniKonrad samla 54 deltakarar Dalemyra
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jul 2021
MiniKonrad vart fyrste
gong arrangert i 2007. Med fast dato 30.april, kvelden før hovudløpet. I 2020
fekk ein ikkje avvikla MiniKonrad grunna pandemien, og i 2021 fekk ein heller
ikkje arrangert løp på den vanlege datoen. Men i staden vart det arrangert
3.juli, på dagen 50 år etter at Dalemyra grasbane vart offisielt opna.
Løpene var litt endra i
forhold til «normalen», i den forstand at alle startar og målkomstar fann stad
på fotball-bana. I tillegg var løypelengda i mellomste- og eldste klasse endra
frå 750 meter til 850 meter.
Yngste klasse (2021-2016)
samla 22 ivrige løparar, med yngste utøvar fødd i 2021. I dette feltet, der
løypelengda var 350 meter, var mange vaksne med som assistentar. Alle fekk
premie like etter mållina var kryssa.
Halvtimen seinare la 28 spreke
aktørar i klasse 2015 – 2011 ut på sine 850 meter. Inga tidtaking for desse
heller, men Mikkel Ibsen Lervåg imponerte dei frammøtte med eit sjeldan vel-disponert
løp, med masse krefter å ause av i siste fase av løpet. Han passerte til å med
følgesykklisten.
Sist ut var klasse
2010-2006 med tidtaking. Diverre berre fire personer, tre jenter og ein gut.
Tobias Ibsen Lervåg var yngstemann i feltet, men sette dei eldre jentene på
plass. Han brukte same oppskrift som broren. Fyrst mot slutten auste han ut
siste kreftene, og kom inn til sluttida 3.21 på 850 meter. Som betyr ei
kilometer-tid på under fire minutt, knallsterkt av ein elleve-åring. Pernille Linga har tidlegare vist seg som
ein sterk løpar – mellom anna i Koldabakken Grand Prix – noterte tida 3.56 i
årsklasse 2008. Pernille Marie Ekornes Skrede leverte 4.05 i klasse 2009. Fin innsats av dei fire som deltok, men det
er sjølvsagt skuffande at ikkje fleire i alderen 11-16 år er med. Men uansett;
merk dykk namna Mikkel og Tobias Ibsen Lervåg – fantastisk modne løp av dei
unge gutane!