Stor VIL-dag laurdag 3.juli 2021

    Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jul 2021

    Alt natt til laurdag la
    VIL-medlem Bjørn Arve Brune i veg. Slik fekk han nokre svale timar før varmen
    slo til for alvor. Dermed vart Bjørn Arve fyrstemann etter at talet trimpostar
    har auka til 15.

    Klokka 13.00 gjekk fyrste
    start i MiniKonrad. I høve Dalemyra-jubileet, var start/mål flytta dit. 54 unge
    utøvarar la ned ein solid dose innsats i varmen. To unge velledals-gutar
    imponerte. Fire utøvarar sprang på tid.

    Klokka 19.00 var knappe 40
    personar samla på Orreneset samla for å prise Dalemyra grasbane sine 50 år.
    Klubbkokk Sondre Bånes serverte kjøtsuppe av høg kvalitet. Det vart «spela» tre
    verbale omgangar med mimring og historier, i tillegg til ein omgang med
    velsmakande kaffi og kaker. Johan S. Grebstad vart under samkoma kåra til
    «Kongen» av Dalemyra

    Nettsida kjem tilbake med
    meir frå alle desse storhendingane.

    Meld idrettsnytt som
    vedkjem Velledalen IL til:

    atlehole@online.no

    917 43 761