Gratulerer Dalemyra og Velledalen IL!
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Jul 2021
Frå årsmeldinga for året
1971 saksar vi fylgjande tekst, ført i penn av Reidar Bremerthun:
«Baneopninga 3. og 4.juli
er det største arrangementet laget har hatt i år. Hødd, Sykkylven, Stranda og
VRF kjempa om ein oppsett pokal. VRF tok denne pokalen i si eige ved å slå Hødd
1-0 i finalen. Medan Sykkylven slo Stranda i jumbofinalen. I samband med
baneopninga arrangerte laget dans på Samfunnshuset, og middag for spelarar og
leiarar på Bedehuskafeen om laurdagen. Søndag 4.juli vart så bana gjeven over
til laget – ved formann Karl B Lade – frå banestyret ved Jon Hjortdal. Ved
dette høvet vart det så ei mengd helsingar frå krets og lag. Vëret var for ein
gong skuld bra, stemninga stor og sist - men ikkje minst – det vart overskot
for arrangementet. Og med det klingande mynt i ei heller tom kasse».
I dag markerer Velledalen
IL med MiniKonrad der alle løparar er innom grasbana på Dalemyra. Og i kveld
har 40 personar meldt seg på samkoma som vert arrangert på Orreneset klokka
19.00
Møt gjerne fram på
MiniKonrad i dag. Fyrste start (yngste klasse) går klokka 13.00