Janne Tomtum 40 år

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jun 2021

Alternativ sirkeltrening på Myrdalsfjellet
Ja-mennesket og humørspredaren Janne feirar i dag 40 år. VIL er svært takksam for det ho bidreg med gjennom eit idrettsår, og det er slett ikkje småtteri det er snakk om frå ei som er busett utanfor Velledalen.

For idrettslaget er ho ein del av orienteringsgruppa. Her er ho ein viktig "sparring partner" for gruppeleiar (og jamnaldring) Pernille. Janne er god på å overføre sporten til dei unge lovande løparane i miljøet, og er ein vesentlig bidragsytar for at VIL er ein veksande orienteringsklubb.

Janne har over lang tid lagt ned ein kjempeinnsats gjennom laget sine sirkeltreningar som normalt går føre seg onsdagar ved Velledalen Grendahus.

Når ei gruppe damer bestemte seg for å gjenopplive VIL sin idrettskule, la dei første planleggingsmøte rett etter ei sirkeltrening i fjor. Janne var sjølvsagt ei av dei. For kort tid sidan var idrettskulekomitéen igjen samla for å planlegge haustsesongen. Då opna ho heimen sin og serverte kveldsmat. Her kan det meldast om varme innbakte ost- og skinkehorn, andre delikate bakstar og elles alt det andre som høyrer med.

 Jubileumsmarkeringa frå VIL si side var ei felles feiring
   for Janne og Pernille. Dette gjekk føre seg
  under eit trenarkurs i orientering i vår,
  i lag med fleire nøkkelpersonar i laget sitt orienteringsmiljø. Her var det både blomar og marsipankake.

 Takk for ditt brennande engasjement og store gratulasjonar i høve dagen din!