Mefjellet Opp 2021
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jun 2021
Svein Nakken blant deltakarane også i 2019
Mefjellet Opp arrangerast i dag, sundag 27. juni.
Velledalen IL sin redaksjon har gjennom åra hatt god pressedekning frå dette løpet med eigne utsendingar, og det same gjeld i år. Atle Jomar er i skrivande stund på veg til Fjørå i bil saman med to av laget sine deltakande løparar.
I år som i fjor er trimgruppa oppfordra til å ta turen andre dagar, og i konkurranseklassa er det lagt opp til 15 sekund intervallstart.
Frå startlistene finn vi desse namna med Velledalen IL som klubb. Starttidspunkt bak.
Frode Mauren, 12:07:15
May Evy Nesheim, 12:10:30
Svein Arne Nakken, 12:10:45
Alf Petter Bøe, 12:13:15
Kasseraren si førehandsanalyse:
Frode Mauren kjem nok til å gå hard frå start og kome i mål på rundt timen.
Det kan bli ein spennande duell mellom May Evy og Svein Arne, og det er ikkje utenkjeleg at Alf Petter som startar 2-3 minutt bak tek følge halvvegs ut i løpet. Stor spenning rundt kven som kryssar mållina først av desse tre.
I tillegg finn vi VIL-medlem Ole Martin Korsnes, som i dag representerar Sykkylven IL, som har vist stor form i år. Vi er spente på løpet til VIL-venn Are Uran (Havørn) frå Averøy, samt dei store talenta Elida, Heine og Vilja Fuglem som er på heimebane, kjende frå deltaking i m.a. Tomasløpet 2020.
Stjerna Kilian Jornet er storfavoritt til å vinne herreklassa, og Johanna Åström er ikkje utenkjeleg til å ta sigeren blant damene.
Til lukke med løpet!