Kvasse VIL-veteranar i sommar-karusell
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jun 2021
FOTO: Frode Mauren
76 løparar kom tili
debut-løpet i Ålesund Sommarkarusell i kveld. 42 på 10 kilomter, 34 på den
halve distansen. To av dei fullførande – Bjørn Arve Brune og Fridtjof Fredriksen
– representerte Velledalen IL. Marius Kaland var mellom dei påmelde på fem
kilometer, men starta ikkje.
Begge våre løparar sprang
10 kilometer i klasse 55-59 år. Klassa vart vunnen av sterke Johannes Gardien
på 39.00, føre Bjørn Arve Brune på 39.47, med Fridtjof på fin 3.plass med tida
41.46. Legg merke til tidene! Her er det høgt nivå vurdert ut frå alderen på
utøvarane!
Vi nemner at tidlegare
VIL-løpar, Stian Mork, gjorde ein fin figur på fem kilometer med tida 20.04.