Les Njål Torillson Tyssing sin løps-rapport
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jun 2021
Arkivfoto
Løpsrapport
fra Perseløpet 5 km 14.06.2021
Oslo stengte
i praksis ned tidleg i november 2020. Ordføraren i Molde fekk truleg ikkje med
seg dette, men vi som bur i Oslo har merka det nokså tydeleg. Det har difor
vore minimalt med arrangement som er tilrettelagt for løpsmosjonistar. Likevel
har Velledalen IL si løpsgruppe hatt ein intervall i veka med høg kvalitet
og bra oppmøte.
Underteikna
prøvde seg på ein virtuell 5 km langs Frognerkilen i mai saman med Nikolai
Jensen og Anette Jokstad. Det gav ikkje so veldig meirsmak. Løpsopplegget er å
springe ei gitt løype for så samanlikne tida si med andre som har sprunge samme
løypa. Litt av fellesskapet med å springe løp forsvann, og sjarmen var totalt
fråverande. Tida blei 16.44. Nokså greitt, men litt skuffande med tanke på dei
solide intervallane som har blitt gjennomført i vår.
Det var difor
med stor glede eg las at Perseløpet endeleg fekk lov til å starte opp årets
første løp 13. juni. 5 km i ei ny løype på Eidsvoll på ca 2.6 kilometer. Underteikna,
Jon Fiva og Knut Stensrød tok difor turen opp til Eidsvoll for å sjå kor langt
ned på 16-tallet vi klarte å presse oss. Antall deltakarar var moderate 48
stykk, men mosjonsnivået var som vanleg bra. Fjorårets ønske til Perseløpet om
eit arrangement som i større grad er retta mot bredden har ikkje slått
til.
Løypa var
flat som ei pannekake, og varmen perfekt. Eg haldt følge med "mi
gruppe" til ca 4 kilometer, men måtte sleppe siste kilometeren. Alle
saman var difor nokså spengte, men nøgde då vi kom i mål. Underteikna og
Knut persa, og Jon var berre eit par sekund bak
si personlege bestenotering. Dessverre ser det difor ut som det berre
er trening som hjelper for å bli betre i min alder.
Neste løp
blir Bjerketravern 10 km søndag 20. juni. Løpet går inne på Bjerke
travbane. Spent på om dette fungerer bra. Eg antar det ikkje skal vere med
hestar. Påmeldte antall deltakarar indikerer at det blir ein del folk, og ikkje
hestar, som skal springe.