Nok ein klubbrekord av Njål på 5 km
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jun 2021
Njål hadde sjølv den «gamle»
klubbrekorden. Den lydde på 16.44, og var sett tidlegare i 2021, under Oslo
Løpsfestival.
Det høyrer med til soga at
Njål vann klasse 35-39 år, og vart nummer sju totalt under Perseløpet. Ei
personleg forbetring på 30 sekund på 5 kilometer er særdeles solid.
-
Eit feitt løp,
ville Frode Mauren ha sagt.
Velledalen IL gratulerer
Njål med ny klubbrekord på 5 kilometer for herrar:
Tid: 16.14 Resultat her
Komande helg spring Njål «Bjerketravern»,
eit 10 kilometer langt løp for menneske på ei travbane.