50 års minne: Foto frå baneopninga av Dalemyra
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jun 2021
Laurdag 2.juli var det
innleiande kampar mellom VRF-Stranda og Sykkylven-Hødd. Sundag 3.juli spela
Stranda-Sykkylven i jumbofinalen, før VRF-Hødd møttest i den store finalen. Eit
sterkt VRF-lag vann finalen 1-0, over eit lag som få år tidlegare hadda spela
på landet sitt høgste nivå.
Fotoet viser VRF sitt
finalelag, pluss litt meir. Som ein ser står Hans Olav Drabløs(15) frå
Velledalen skulekorps heilt til venstre. Han var «fanfare-blåsar». VRF sine
finalespelarar er:
Frå v: Arild Lade, Nils Bjarne
Fet, Erling Solsletten, Kjell Hellevik, Einar Fet, Svein Hjorthol, Svein Welle,
Sigbjørn Fet, Eldar Tandstad, Odd-Kåre Fet (delvis løynd), Lars Kornberg, John
Johansen, Reidar Bremerthun, Bård Erstad og Bjarne Alnes.
Av spelarane er Lars
Kornberg og Kjell Hellevik døde. Dei øvrige er i live og i alderen 69-79 år.
Eldar Tandstad var yngstemann på laget. Han var enno ikkje fylt 19 år i juli
1971. Odd Kåre Fet er eldst av dei nolevande. Han var 29 år under baneopninga. Med
andre ord spelarar i ideell alder for å yte godt. Eldstemann på lagbiletet er
likevel Lars Kornberg, heilt på tampen av ei lang, god karriere i 1971.
Veit du meir frå
baneopninga….. så send oss nokre ord
Det kan vere resultat frå
innleiande kampar?
Korleis enda jumbofinalen?
Kven scora VRF sitt mål?
Var vêret bra?
Anna?
Send til:
atlehole@online.no