Trimpost
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Mai 2021
Kommunelegen i Ålesund har oppmoda innbyggarane om å ta seg
ein Stikk Ut tur i løpet av dagen. Ein fin ide! Vi i Velledalen IL meiner
heilt klart at dagen også passar perfekt for eit besøk på ein av våre 15
trimpostar. Har du ikkje kome i gang med Trimpostvandringa, så er det godt med
tid! Og 17. mai er super poengsankingsdag.
Det kan faktisk vere lurt å ta seg ein trimposttur på 17.
mai, for på nokre av postane kan det hende de finn ei lita overrasking...
Det hadde vore kjekt om idrettslaget kunne få bilde frå
turen dykkar denne dagen, anten ved å dele på Instagram eller Facebook, eller
ved å sende på e-post til mosbyani@hotmail.com.
Gjer 17. mai 2021 til ein god og minnerik dag. Og så håpar
vi at vi til neste år kan feire nasjonaldagen vår slik vi likar å feire. Kan
hende at vi tek med oss nokre nye erfaringar som også kan bli til ein
tradisjon.
Med ønske om ein strålande 17. mai, med bilde
frå tur til Bruna same dag i fjor.