Unge menn drøftar vegvalet….
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Mai 2021
Orientering er ein flott
idrett, som samlar utøvarar på tvers av generasjonane. Større løp samlar hordar
av personar i 80-åra. Slike som har gjort ei rekkje vegval, både i o-sporten og
elles i livet. Vi kan sjå det utanpå dei, at dei har vore gjennom litt av
kvart
opp gjennom åra.
I same løp finn vi pur
unge utøvarar. Unge gutar og jenter som er i startfasen av kva veg dei skal
velje. Dei har vore vane med at foreldra har hjelpt dei og teke vala. Møtet med
o-sporten hjelper dei å bli sjølvstendige, å gjere sine eigne val.
I fotoet frå
onsdagstreninga på Aure ser vi tre unge menn drøfte vegvalet. Uansett kva val
dei tok, er det eit val å vekse på. Slik er o-sporten. Nådelaus og lærerik.