Trimpostvandringa startar i dag, 8.mai

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Mai 2021

Minst 25 trimpoeng frå
fire ulike trimpostar, i perioden 8.mai til og med 20.juni, burde vere ei
overkomeleg oppgåve. Går du meir enn «kravet» er det fint, men dette er ingen
konkurranse om å gå flest, mest eller lengst.

Ved ferdig vandring
leverer du arket anten til Nærbutikken Velledalen eller Bunnpris Straumgjerde.
Same stadar kan ein hente fleire deltakar- ark om ein treng det.

Alle som kan skilte med
minst 25 trimpoeng til minst fire ulike trimmål er med i trekninga av fine
premiar.

Foto frå turane dykkar takkar
vi gjerne ja til, anten på instagram eller andre sosiale media. Evt kan dei
sendast på e-post til: mosbyani@hotmail.com

Om heller ikkje denne
våren vert slik som før, så ligg naturen vår der. Det same gjer Velledalen IL
sine 15 trimpostar. Gjer deg nytte av tilbodet!

HUGS: Dette er ingen
konkurranse, men meint som litt inspirasjon til å kome seg ut på tur