Veteranane held koken i Riksheimdalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mai 2021
Og meldaren vår
rapporterte om stor aktivitet, og gode forhold i låglandet, snø i høgda. Som i
fjor er det veteran-gutane Ivar Flo og Bård Erstad som har gått kvassat ut.
Trimåret vi no er inne i er grovt rekna ferdige med 7/12-deler av sesongen. Som
betyr at mykje enno kan justerast.
Topp-5 Riksheimdalen 2.mai
klokka 13.00:
165 turar: Ivar Arne Flo
122 turar: Bård Per Erstad 95 turar: Hildegunn Eikemo Flo 60 turar: Renathe Belinda Riksheim Oldeide 40 turar: Ruth H. Kalvatn
Riksheimdalen er ein
trimpost du gjerne må stikke innom når trimpostvandringa til Velledalen IL tek
til om ikkje mange dagane!