Gledeleg stor «Konrad-aktivitet» 1.mai

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mai 2021

Vi har tidlegare meldt om
spreke utøvarar som sprang fort. Men Konradløpet er for alle kategoriar
utøvarar, også dei som held skikkeleg låg fart.

UNGE MENN:

I denne kategorien kjem
utan tvil kameratane Ove Magnus Ødegård og Ole Peder Kristian Holmberg, som tok
seg rundt Konradløypa i høveleg pratetempo. Vi gratulerer Ole Peder som fersk
togførar!

MODNE MENNESKE:

Under denne kategorien
kjem utan tvil klubbmeteorologen i Velledalen IL, Per-Gunnar Holmberg. Han
rusla rundt saman med ekteparet Grethe og Odd-Kåre Fet, som er tek idrettsmerke
og trimpost-turar året rundt til terningkast 6.

RUSTNE MENN:

Så fælt rustne er dei no
ikkje, men det ryktast at Frode Hoprekstad og Alf Petter Bøe var sett i
Konradløypa 1.mai. Spreke karar med gode år framføre seg. Observerte saman med
ein ungfole som gjorde andre økta for dagen, nemleg Andreas Mosby Nakken

FAMILAR:

Her nemner vi familien
Fallingen med mor, far og born. Far Kjetil jogga rundt løypa, dei andre
spaserte. Truleg var langt fleire familiar i sving denne dagen.

SYSTRENE HOLMBERG:

Christina og Emma Holmberg
er vel kjende VIL-medlemar etter fleire «stunt» både i inn- og utland. Denne
gongen var Emma fråverande, men klubblege Christina hadde med seg yngste-systera
Sophia. Christina har ei bestetid i løpet på 20.17 (2010), Emma har 24.01. Unge
Sophia har tydelegvis talent for løp med ei tid godt nede på 22-talet, så her er
det berre å halde fram det gode treningsarbeidet, Sophia!

NASJONALT:

Ikkje uventa var fleire
frå Oslo-avdelinga i sving i hovudstaden, og heilt sikkert hadde vi utøvarar
andre stadar i kongeriket.

INTERNASJONALT:

Vi veit det var aktivitet
i ei 4,52 km lang løype i Polen i regi av Pe-Tomasz. Flott! Og vi sette stor
pris på at ein kar frå Romania sprang Konrad-løypa i Velledalen.

VELLEDALEN IL TAKKAR ALLE
SOM PÅ SITT VIS KASTA GLANS OVER KONRADLØP-DAGEN!