Trimpostvandring også i år

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Apr 2021

Arkivfoto
 Initiativtakar
Anita Mosby Nakken melder om at ho i år igjen har fått med seg Ann-Helen Hole i
planlegginga av ei ny trimpostvandring.

Også i år
blir ikkje våren heilt slik som før, står det innleiingsvis i invitasjonen som
dei neste dagane leggast i postkassene i Velledalen og Straumgjerde krinsar.
Arrangørane tenkjer då på koronapandemien og dei manglande sosiale tilboda. Det
fekk Anita til å tenkje nytt i fjor då ho sette til livs «Trimpoststafetten».
Ein måte å gjere noko sosialt utan å nødvendigvis vere i lag.

Trimpostvandringa
går ut på å besøke nokre av Velledalen IL sine trimpostar, samle kodane som er
lagt ut på postane, og notere dei på svararket på baksida av invitasjonen som ein
snart finn i postkassa si. Har ein ikkje fått eit slik ark kan ein hente det
ved Nærbutikken i Velledalen eller Bunnpris i Straumgjerde. Invitasjonen
innheld også ei liste over dei 15 trimpostane Velledalen har i sortimentet sitt,
og kor mange poeng ein får ved å besøke den.



  -
   
   




 Det
vart ein stor suksess i fjor der mange heiv seg med. Faktisk var der over 100
personar som leverte inn svararket sitt.

Anita fortel
at opplegget er kjent for dei som var med i fjor, med nokre små endringar:



  -
   
   





 For
det første justerte vi namnet til «Trimpostvandringa» sidan det eigenleg ikkje
er ein stafett. Vi utvidar til at folk no skal samle 25 poeng frå fire ulike trimpostar
over ein seksvekesperiode - og som i fjor er ein då med i trekninga av mange
flotte preimar!

Tidsperioden
vil i år gå frå 8. mai til 20. juni. Om ein likevel finn kodelappane ute
tidlegare er det berre å setje i gang! For Anita og Ann-Helen er det viktig at
dette ikkje er ein konkurranse om å gå mest.



  -
   
   




 Nei,
det er ikkje ein konkurranse. Det er meint som inspirasjon til å kome seg ut på
tur. Likevel blir konkurranseinstinktet tent blant vennar eller søsken, og det
er jo berre kjekt. Men går ein på fire forskjellige postar og samlar totalt
minst 25 poeng stiller ein likt med tanke på premiering og anna. Over ein
seksvekesperiode er dette overkommelig for små og store.

Når ein har
samla poenga og turane sine er det berre å levere inn arket på ein av dei to
nemde butikkane, eller til ei av dei to damene.



  -
   
   




 Elles
set vi stor pris på bilete frå turane dykkar! Bruk emneknagg #VILTrimpost i
sosiale media, så får alle sjå kor fint vi har det i bygda vår.

Vi ynskjer
nye og gamle deltakarar velkomen til Trimpostvandringa 2021!