1.mai: Konradløpet melder pass!
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Apr 2021
For andre året på rappen
set korona-pandemien ein stoppar for det 4,5 kilometer lange Konradløpet i
Velledalen. Som skulle hatt start frå Brunstad 1.mai klokka 05.00.
-
Det heile vart
for usikkert. Alt av opplegg i etterkant av løpet måtte uansett ha gått ut. Som
kjent har trengselen i Velledalen grendahus vore stor under desse arrangementa.
-
Vi kunne sikkert
ha fått til løp i ei eller anna form med puljestart, men slik stoda er, med
stor smitte i nabokommunar
let vi heile arrangementet ligge i bero, seier
friidrettsleiar Alf Petter Bøe til VIL-Nett.
Bøe fortel at MiniKonrad - aldersgruppe 0-15 år - vil bli forsøkt avvikla på Dalemyra siste helga i mai.
OPPMODING:
Friidrettsleiar Bøe har
likevel ei oppmoding til alle løpsglade:
-
Det er slett
ikkje naudsynt å kvile på den normale Konradløps-dagen. Eg synest alle bør ha
som mål å gå, jogge eller springe 4,5 km (Konradløp-distansen) på 1.mai, anten
du bur i Sykkylven, Ålesund eller Oslo. Det kan du gjere på heimstaden din
eller i Konradløypa for den del. Vil du ta tida, så gjer gjerne det sjølv. Vi
er takksame for eit foto, med ei lita helsing frå ditt høgst private Konradløp.