I dag gir vi dei finaste orda til Asbjørg Hansine Lade

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Apr 2021

Arkivfoto
Asbjørg kom nordfrå. I
nærleiken av Tromsø ein stad. Kjærleiken til Karl B. Lade gjorde at ho vart
verande i Sykkylven. Dei bygde nytt hus på Brøvoll, men hadde nok mest band til
folket på Hole. Ekteskapet gav tre gutar, som alle sysla med idrett (mest
langrenn) i unge år. Mannen Karl brann for idretten og Velledalen IL. Han hadde
lang fartstid som leiar i langrennsgruppa, og var elles med i ulike nemnder som
marknad, bingo og kiosk. I tillegg var han leiar i hovudstyret i 1971, året for
grasbane-opninga på Dalemyra, altså for 50 år sidan. Og var elles ein av dei
ivrigaste hesteskokastarane då dette vart ein « farsott» frå kring 1980 og
utover.

Men det er Asbjørg vi skal
heidre i dag. Ho hadde ingen verv i Velledalen IL, men la likevel ned ein
kjempeinnsats på ulike felt. Når Velledalen IL arrangerte KM i langrenn i
Holemarka i 1967, var det Asbjørg som serverte varm drikke (mjølk) til slitne
løparar i målområdet.

Når stadionkiosken kom på
plass på Dalemyra, hadde Asbjørg mange timar der. Varmrettane var buljong,
kaffi og pølser – med og utan brød. Når vi småhynane kom og handla pølser,
spurde alltid Asbjørg på klingande nord-norsk dialekt (ho var flink å halde på
dialekten):

 -
   

 Ska du ha nokka
på…?

Og det skulle vi som regel
ha. Dersom Asbjørg såg at vi knappast var i stand til å handtere dette sjølve
på ein verdig måte, hjelpte ho oss med sirleg striper med sennep og ketchup.

Ved
marknadar/bingoar/årsmøte – eller andre samkome – var det heilt vanleg at
Asbjørg Hansine hadde eit eller anna gjeremål, hyra inn av ektemannen Karl.

Men viktigaste oppgåva
hadde ho som tilretteleggar og støtteapparat i heimen. Stort sett kvar sundag
vinteren igjennom reiste Karl og gutane rundt om på skirenn. Asbjørg var
sjeldan med. Slik fekk Karl plass til ein ekstra utøvar i bilen, og han sette
æra si i at Velledalen IL skulle markere seg. Asbjørg sytte for frukost før avreise,
ein dugeleg nistepakke og klesskifte. Ved heimkoma hadde ho middagen klar. Mang
ei mor kjenner seg sikkert att i eit liknande liv frå 1960- eller 1970-talet.

Asbjørg var glad i å gå
tur. Ho var einaste vaksne kvinne på Hole på 1960-talet som gjekk på ski. Vi
kunne rekkje spora hennar. Ho gjekk over brua opp til Hole og sette på seg
skiene der. Så bratt oppover i starten, før ho kryssa på skrå over Olahaugane
og vidare innover Holemarka. Ofte køyrde Karl henne inn på fjellet i helgane,
slik at Asbjørg fekk gå heim att, anten på ski eller på føtene, alt etter
årstid.

Mannen til Asbjørg, Karl,
vart æresmedlem i Velledalen IL. Personar utan verv i eit lag får ikkje slike
titlar. Slik er det berre. Men på Asbjørg Hansine sin 85 år dag finn vi det
rett å hylle ikkje berre henne, men også andre likesinna med varme tankar for
innsats i ei tid som var. Hyllesten gir vi gjennom eit vers frå «Den finaste
songen» av Odd-Erik Lothe:

Dei finaste orda ska du få

Om du endå lar dørene stå.

Dei finaste orda e et tak

En himmelkvelving

Stjerneklar og strak.

Men dei finaste orda

Va det aldri eg som fann

Dei har eg stole

Frå dei tusen pennars hand.

Dei finaste orda

E støvkorn og små grann

Dei som når gjennom skodda,

Der draumen møter land.

Henta frå «den finaste songen» av Odd-Erik Lothe