Halvmaraton i Ålesund: Gry raskast frå Sykkylven

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Apr 2021

Andre helga i mai skal det
springast langt og mykje i Ålesund. Her kan ein velje mellom distansane
heilmaraton, halvmaraton, 10 kilometer og 5 kilometer. Det som er spesielt
denne gongen er at utøvarar frå Sykkylven kommune ikkje får delta. Bestemt på
høgste hald av slike som har greie på covid-19 og slikt.

Som eit plaster på såret
friskar vi opp med ei oversikt over sykkylvingar med dei beste kvinne-tidene
under Ålesund halvmaraton gjennom alle år. Slik ser den ut:

1.35.37: Gry Bakke Payling

1.38.50: Nancy Eggen

1.39.51: Gry Bakke

1.40.06: Radka Vosicka

1.42.54: May Evy Nesheim - ikkje sykkylving, men representerer Velledalen IL

1.47.15: Kjerstin Vindenes
Fet.

Kva som er klubbrekorden
på halvmaraton for kvinner er faktisk ganske usikkert. Inger Riksheim sprang
under 1.30 på halvmaraton i glansdagane, men mest truleg representerte ho
Sykkylven IL og ikkje Velledalen IL då ho gjorde det.

   Som vi ser har Nancy Eggen notert 1.38.50
i Ålesund. Men Nancy representerte Sykkylven IL som ung senior og gjekk over
til Velledalen IL i moden alder. Mest truleg representerte ho Sykkylven IL då
ho gjorde 1.38.50.

   Difor
trur vi det er Pernille Ibsen Lervåg sine 1.39.52 frå København som er
beste halvmaraton-tida ei kvinne som har representert Velledalen IL nokon gong
har gjort. Hårfint føre Radka Vosicka med sine 1.40.06 frå Ålesund.

Men som sagt; sikre på
dette er vi ikkje.

Det hadde vore kjekt med
ei tilbakemelding frå Inger og Nancy, to utøvarar som kanskje sit på svaret.
Men at Inger Riksheim har sykkylvs-rekorden på halvmaraton, det er vi ganske så
sikre på. Med sykkylvsrekord snakkar vi om ei tid sett som utøvar for eit
idrettslag i Sykkylven kommune – i ei kontrollmålt løype, med start og mål på
same høgdenivå.

  
Planen var at sonen til
Inger (og Geir), Vegard Tandstad, skulle prøve og kome under mora si bestetid i
Ålesund 8.mai. Men Vegard Tandstad får altså ikkje lov å delta denne gongen. Så
enn så lenge sit Inger på halvmaraton-trona i Simo-garden.