Skihopparen vår, Jonny, fyller 13 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Apr 2021
I dag fyller Jonny Mauren 13 år. Som betyr at Velledalen IL sin einaste
gutehoppar har vorte tenåring. Han har alt strekt seg godt over 30 meter i
hoppbakken, og er slik vi ser det akkurat no, den einaste utfordraren til
Magnar Fet (94 år til sommaren) sin VIL- hopprekord på 53 meter, sett i
Hornindal for knappe 70 år sidan.
Håper Jonny ser på oppgåva
som eit prosjekt – eit prosjekt utan tidsramme. Men sidan han sist sesong
flytta persen med eit tosifra tal meter, treng det heller ikkje gå lenge om han
held fram utviklinga. Og heilt klart ein VIL-rekord som står for fall
I alle fall; Gratulerer
med dagen, Jonny, og lukke til med den komande hoppsesongen!