Høgreving frå VRF-glanstida fyller 74 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Apr 2021
Som betyr at Svein i dag fyller 74 år. Og det hersker ingen tvil om at
han hadde sine beste fotballår i alderen 23-25 år (1970-1972).
Då var Bastian –Svein verkeleg god, med høgre ving som
favoritt-posisjon på bana.
Svein sine styrkar var
stor fart, finslepen teknikk og god fotballforståing. Han hadde ikkje dei
hardaste skota, men var likevel ein høveleg god avsluttar. Han var skjære
eksperten på å stikke gjennom eit forsvar slik at han kom åleine mot målmannen.
I våre dagar vert det snakka mykje om «målpoeng» (mål og målgivande pasningar),
noko Svein hadde mange av i sine beste sesongar.
Til sommaren er det 50 år
sidan Dalemyra vart opna, fyrste helga i juli 1971. Då reknar vi med at bana
sin nest næraste nabo er på plass. Då skal det skytast straffespark og etast
kake, der Svein tumla rundt med motstandarane nettopp dette året. Sesongen 1971
var nemleg ein av Svein sine aller beste – på nivå tre i norsk fotball.
Svein Åge Welle var ein
sterk bidragsytar frå høgrevingen i VRF sine to beste sesongar gjennom alle
tider – 1971 og 1972.
Gratulerer med dagen
Svein, og takk for minna!