Per Inge Bjørnestad: Sprekaste 50-åringen i bygda!
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Apr 2021
Definisjonen av ordet
SPREK, kan heilt sikkert diskuterast. Men i den grad vi
tolkar ordet SPREK som kondisjonssterk,
uthaldande og ha stor løpskraft – held vi hardnakka på at Per Inge Bjørnestad,
50 år laurdag 3.april, er sprekaste 50-åringen i Sykkylven kommune. Ganske så
suverent, til og med….
I går, langfredag 2.april,
hadde Per Inge sin siste dag i 40-åra. «Normale» 49-åringar ligg og dormar
slike dagar, Per Inge nytta den til å springe Konradløypa i Velledalen. Og hald
dykk fast; klokka stogga på 15.40. Tida teken av 100 prosent uhilda aktørar.
Det er fort av ein 50-åring, og berre åtte sekund bak bestetida til Per Inge
frå 2015.
Per Inge Bjørnestad har ti
Konradløp i beltet. Debuten fann stad i 2009. Her er tidene frå Per Inge sine løp:
2009: 16.53
2010: 16.05
2011: 16.00
2012: 15.57
2013: 16.04
2015: 15.32
2016: 15.59
2017: 16.24
2018: 16.55
2019: 16.36
2021: 15.40 på sin siste dag som 49-åring. Råsterkt!
Det høyrere med til soga
at litt svakare tider i 2017,2018 og 2019 har med skadar å gjere. Per Inge har
hatt sin del av dei siste åra. Men under inngangen til 50-åra er kroppen fin og
veltrimma.
Korona-året 2020 var Per
Inge sitt siste i klasse 45-49 år. Få løp å delta i, i ein sesong der Per Inge
fekk prøve begge ytterpunkta på skalaen. Frå fullstendig kollaps og legehjelp
under Gloppen halvmaraton, til suksess og glimrande tid under Nyttårsmaraton
(halvmaraton) i Ålesund. Ja, Per Inge vann sitt siste løp i klasse 45-49 år i Ålesund
på den fine tida 1.22.51. Meir enn 1.30 føre sin hardaste av 14 konkurrentar i
klassa.
Alt tyder på at løps-sesongen
2021 også vert kraftig redusert. Synd for Per Inge. Som fyrsteårs – og dermed
yngst – i klasse 50-54 år, er det berre nasjonale toppar i denne alderen som
ville vist han ryggen.
Velledalen IL ynskjer
sprekaste 50-åringen i bygda til lukke med dagen!
PS. Om andre 50-åringar
ynskjer utfordre Per Inge til løpskamp om den tittelen vi her har gitt han, kan
vedkomande snarast melde frå til friidrettsleiar Alf Petter Bøe.