Velledalen IL sel Dalemyra – interessentane i kø

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Apr 2021

Ledd i det grøne skiftet

Folk har registrert at aktiviteten har minka på Dalemyra siste åra. I
fjor gjekk der mindre enn fem kampar.
   Velledalen IL eig og driftar anlegget, men no
er det Sykkylven IL som disponerer bana til trening og kamp. Problemet er at
det er LANGT frå der tyngda av Sykkylven IL sine spelarar bur til Velledalen.
Difor vert bruken av bana minimal.

Maskinservice AS fremst i
løypa

Leiar i Velledalen IL, Ove
Inge Skylstad, fortel fylgjande til VIL-Nett:

 -
   

 No skal vi få frå
oss 50 års jubileet for bana i juli, og rett etter fellesferien startar vi sals-prosessen
for alvor. Interessentane står allereie i kø. Området er heilt klart særdeles
attraktivt, og prisen vert deretter. Og så
   vert dette vårt bidrag i «det grøne skiftet»,
som politikarane pratar så mykje om for tida.

 -
   

 Kan du seie noko
om kven som ligg best an som kjøpar?

 -
   

 Det er ingen
løyndom at det ser ut til å gå mot eit sal til Maskinservice AS. Dette av to
grunnar. Firmaet vert drifta av ein velledaling, og har så langt presentert den
klart beste forretnings-idéen.

Omfattande planar

Eivind Bolstad i
Maskinservice AS vart glad for å høyre at VIL-leiaren, Skylstad, likte planane
hans.

 -
   

 Kan du røpe noko
av planane for VIL-Nett sine mange lesarar?

 -
   

 Det skal eg med
glede gjere. På vegne av firmaet kan eg garantere at vi kjem til å strekkje oss
lang for å sikre oss området. Førebels er det klart at området vil innehalde
fire lokalitetar:

1. Der vil bli eit stort
terminalbygg for landbruksvarer. Litt tilbake til Stormøllen-tida og Sykkylven
Godsterminal i Aure sentrum. Tida for at landbrukskronene til bøndene i
Sykkylven og Stranda hamnar i Breivika i Ålesund er ganske så snart forbi.

2. Der vil bli bygt den
mest moderne servicestasjonen for plenklipparar mellom Bergen og Trondheim.
Litt av grasbana vert spara til testkøyring av klipparar. Tida frå du leverer
inn klipparen din, til du får den utatt i trimma tilstand, vil ligge i
intervallet 0-3 timar.

3. Så vert der eit eige,
toppmoderne anlegg for produksjon av kutterspon. Her vert det nytta kortreiste
råvarer. Det er nemleg meir enn nok skog og ta av. I dette arbeidet vil Hole
Maskiner AS kome stadig sterkare inn som samarbeidspartnar. Truleg er dei heilt
utfasa som entreprenørar i 2025, men vil likevel ha fleire i arbeid enn i dag,
med produksjon og sal av kutterspon

4. Så godbiten til slutt.
Sidan velledalingane ikkje greier å føde nok ungar, har Velledalen
Naturbarnehage meldt om ledig kapasitet. Fleire av personalet er i desse dagar
i ferd med kursing, med tanke på at deler av barnehagen skal bli kjemisk laboratorium,
for produksjon og testing av vaksiner. Siste tida har vist at det ligg enormt
med pengar på feltet. Får vi det til kan det bli ei gullgruve både for
Barnehagen og Maskinservice.. Ei prøvevaksine mot covid -19 og 20, vil venteleg
vere klar for testing i midten av april. Mest truleg vil denne bli å få kjøpt - og også sett i ledige stunder - ved Holmbergs Gartneri. Tinging hos gartneriet
ved personleg frammøte frå 15.april.

Bolstad fortel at planane
i fyrste omgang vil generere kring 50 nye arbeidsplassar, og må sjåast som
fyrste ledd i ein større manøver, der det overordna målet er: «Make Velledalen
great again».