Gromjenta vår fyller 40 år 30.mars
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Mar 2021
Eigentleg
har Pernille eit dobbelt-jubileum i 2021. Ho fyller 40 år 30.mars, og det er 10
år sidan ho vart «oppdaga» av idrettslaget sine folk.
Oppdaga
vart ho fordi ho i 2011 deltok i løpet som i dag heiter Tomasløpet i
Straumgjerde, i svanger tilstand. Dette vart snakka om og kommentert som
uvanleg sprekt gjort, utan at vi visste kvar denne Pernille Ibsen Lervåg heldt
til.
Men
etter ei tid fekk vi greie på det, og var nærare enn vi kunne førestilt oss. Ei
tid seinare melde Pernille seg på eige initiativ til innsats for Velledalen IL.
Og den innsatsen har ikkje vore liten. Ingen gjer nokon urett om dei omtalar o-gruppa
i Velledalen IL som Pernille sitt verk, sjølv om ho har hatt gode hjelparar i
ei rekkje ulike personar.
Det
starta med enkle kart og familieorientering i området ved Dalemyra.
Oppslutninga var enorm – mange ville prøve denne nye idretten. Sidan har alt
gått i rekordfart:
·
Nye kart har kome
til over store delar av bygda. Vi nemner området Myrdalen/Heggjene/
Svartevatnet, Ladalen (Fjellsætra-området), Området Dalemyra, Sentrumskartet
(Aure) og Sessvatnet-kartet. Eit par av kartprosjekta har fått tippemidlar,
fleire er sponsorstøtta av ulike lokale verksemder.
·
O-gruppa i
Velledalen IL har gått i bresjen for å få laga skulegardskart. Hittil er karta
ferdige for tre skular og fleire er i kjømda
·
I 2017 fekk
Velledalen IL prisen «Årets Gaselle» under Norsk Orientering si kompetansehelg
på Gardermoen. Innsatsen til Pernille og hjelparane hadde blitt lagt merke til
i Oslo. Heider på Forbundsnivå er særs sjeldan kost for lokale idrettsklubbar
·
Renn i
skiorientering har òg blitt arrangert på Fjellsætra med Pernille og Audhild (Bakken
Rognstad) som pådrivarar.
·
Velledalen IL har
arrangert ei rekkje mindre løp og nokre store. Laget sitt fyrste O-KM vart
arrangert med Myrdals-sætra som base i 2017. Regn og surt, men det gav
meirsmak.
·
O-gruppa, med
Pernille som drivande kraft, har i fleire år gitt tilbod til ulike skular om skuleorientering.
Mange har nytta seg av tilbodet.
·
Bortsett frå i
2020, har o-gruppa i samarbeid med o-krinsen i Møre og Romsdal, siste åra
arrangert
populær haustsamling og løp på
Fjellsætra/Ikornnes. Stor deltaking og populær samling alle år.
·
Under leiinga til
Pernille har det gjennom åra vorte arrangert ei rekkje treningsløp, med ekstra
gledeleg; stor ung deltaking. Pernille oppmuntrar til påmelding i o-løp i andre
distrikt enn vårt (som Midtnorsk meisterskap), og o-løparane våre er alltid
eksemplarisk kledde i Velledalen IL sine representasjonsklede.
·
Pernille har så
langt sjølv teke fire KM-titlar for Velledalen IL – slik: KM mellomdistanse i
2017 (Myrdalen) og 2018 (Sula). KM langdistanse i 2020 (Molde) og KM by-
sprint i Molde
(2020).
·
Pernille har
vunne fleire av dei «tyngste» klubb-prisane i Velledalen IL under laget sine
Idrettsgallar gjennom siste åra
·
Pernille har to
gonger vore beste kvinne i det prestisjetunge Konradløpet, nemleg i 2018 (17.34
– nest beste kvinnetid nokon gong) og 2019 (tid: 18.18)
·
Pernille har kome
på pallen i si klasse for veteranar, under Midtnorsk meisterskap i orientering.
·
Pernille har ei
topp-10 plassering
(nummer åtte) i si
klasse under Veteran-VM i orientering i Danmark
·
Pernille har så
vidt vi veit klubbrekorden for Velledalen IL på halvmaraton for kvinner med
tida 1.39.52. Den er sett i Danmark.
Kapasiteten til Pernille
vedkomande lagsarbeid held eit skyhøgt nivå stort sett året rundt Ho er heile
tida gira.. Ei kvinne vi er utruleg stolte av å ha i laget vårt, ei slik du
berre får tak i éi av i hundreåret.
Gratulerer med 40 årsdagen,
Pernille!