MINNEORD: Johan Svindseth sitt siste utspark har landa
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Mar 2021
Klubbnamnet på brystet
Mitt fyrste «møte» med
Johan Svindseth fann stad tidleg i 1960-åra. På Slettegjerde. Han som målmann
på VRF, eg som småhyn og tilskodar langs sidelina. På den tida linjemannen (som
han då vart kalla) hadde like mykje arbeid med å halde publikum bak den enkle sperringa
like ved sidelina, som med å dømme offside og innkast.
Johan Svindseth var VRF
sin faste målmann på denne tida. I klesvegen enkel, men distingvert. Han
varierte mellom lang og kort bukse. Den lange ganske lik det vi i dag kallar ei
joggebukse. Oftast med kne-vern, nokså naturleg, sidan det var mykje grus i
målfeltet. Fotball-måla kunne nemleg ikkje flyttast den gongen. På overkroppen
hadde han mørk genser, med klubbnamnet VRF brodert på brystet og/eller ryggen.
Ånei farr, du lure ikkje mej!
Etter 8-10 kampar som tilskodar,
skjøna eg at VRF sin målmann ikkje var som målmenn flest på det nivået VRF
spela. Han prata så mykje meir enn andre målmenn. Både til med- og motspelarar.
Forsvararane vart dirigert med myndig stemme, medan tonen var ein litt annan
til motstandaren sine angriparar. I kvar einaste kamp sa han orda:
-
Ånei farr, du
lure ikkje mej!
Som regel brukt i dei
situasjonane ein angripar kom åleine mot Johan, som møtte angriparen med
katteaktige rørsler og orda:
-
Du lure ikkje
mej, du lure ikkje mej, du lure ikkje mej……
Og skaut stakkaren utanfor
mål – noko han ofte gjorde - avslutta VRF-målmannen som regel samtalen med orda:
-
Ånei farr, du
lure ikkje mej!
Plasserte seg klokt og dirigerte godt.
Johan Svindseth var VRF
sin faste målmann frå tidleg på 1950-talet til slutten av 1960-talet. Han var
den fyrste i VRF som fekk gullklokka for 200 obligatoriske (serie - og cup) kampar.
Toppåra som målmann hadde han kring 1960, då han fleire gonger vart teken ut
som målmann i troppen til Bygd i kampane mot By. Dette var store kampar på
hausten der dei beste spelarane frå bygda-klubbane på Sunnmøre spela mot beste
spelarane frå byklubbane. Å kome med på Bygdelaget vart rekna som eit
kvalitetsstempel i seg sjølv.
Somme vil nok meine at Johan var for spe og
spinkel til å vere ein topp målmann – og det skal seiast at feltarbeidet og
utsparka frå 5-metern i motvind kunne vore betre - men han kompenserte for
dette på andre felt. Evna til å lese spelet var god, plasseringsevna unik og
ingen dirigerte forsvaret sitt så grundig og godt som Johan. Sunnmørsposten hadde denne tida noko som
heitte «Ukens 11», der dei plukka ut «Rundens lag» i øvste krets-serie basert
på journalistane/meldarane sine rapportar. Spelarane med flest noteringar gjennom
sesongen vart ved sesongslutt samla i «Årets Lag». I sine beste sesongar var
Johan Svindseth ein flittig aktør på «Ukens 11» .
Rop om hjelp
Sommaren 2009 fekk eg eit
naudsignal over telefon frå Johan Svindseth:
-
Du må stikke
innom neste gong du fær forbi, eg har noko du skal sjå på.
Det viste seg at Johan
hadde fått brev frå Sunnmørsposten med påminning om at 75 års dagen hans nærma
seg, og at han var velkomen til å setje ned på papiret nokre ord om seg sjølv.
I området 1500-2000 teikn.
Dette ville Johan gjerne
vere med på, men han trong hjelp:
-
Du må hugse at eg
er løysemiddelskadd, Atle!
Før vi skilde lag avtala
vi tid for eit nytt møte.
Dagen der Johan skulle
fortelje meg livshistoria kom snøgt. Han var klar og hadde alt på stell, skulle
det vise seg. Det starta med opphavet og den næraste familien i Ramstaddalen.
Så gjekk det over til skulegang og lærar Reite som sa:
-
Du Johan er
kvikkast når du kjem deg ut og når tak i fotballen.
Noko Johan omtala som «ein
heilt rett observasjon». Vidare kom ei avdeling om arbeidsliv. Som
starta med tre år som dreng i lensmannsgarden på Tandstad, omtala slik av Johan
Svindseth:
-
Ei rik tid, der
eg til og med måtte vere med lensmannen når han skulle ut og arrestere folk.
Såg ned på tverrliggaren
Så kom han til ein bolk om
kona Brit og borna – og om hobbyar:
-
Det er viktig at
vi får med mykje om VRF, laget har gjort livet mitt rikare, og det er VRF å
takke at eg har kjenningar rundt om på heile Sunnmøre.
Han fortalde så levande og
detaljert om ein seriekamp i Ørsta på 1960-talet:
-
Eg er ikkje heilt
sikker på resultatet, men trur vi vann 2-1.
Men det spesielle er at Ørsta
brende to straffespark.
Tilreisande frå
Velledalen og Straumgjerde sa om det siste - som eg redda - at eg var så høgt
oppe at eg kunne sjå ned på tverrliggaren.
Sint kvinne i Tafjord
Etter 20 år med
klubbfotball i VRF krydra Johan «alderdomen» med ti år i bedriftsfotballen. Her
hadde ein kamp i Tafjorden gjort varig inntrykk:
-
Eg var så dårleg
i ryggen under denne kampen at eg ikkje greidde lute meg ned og ta ballen med
hendene.
Men eg hadde det i kjeften og dirigerte forsvaret så bra at vi vann
kampen 1-0.
Etter kampen kom ei
illsint dame bort til med og sa:
-
Neste gong du
kjem til Tafjorden så helde du kjeften din!
Det tok kring 45 minutt
før Johan hadde tømt seg for alt han hadde. Eg fekk til og med vite kven som
skulle ha alle utklippa hans frå aviser når han ikkje lenger fanst. Maken til «intervju-objekt»
hadde ikkje vore bort i, korkje før eller sidan.
-
Kor mange teikn
trur du vi har no, spurde eg.
Det hadde han inga
formeining om. Foto vart teke og teksten skriven, pint ned til 2500 teikn. Alt
kom på trykk. På 75 års dagen til Johan, onsdag 22.juli 2009. Personleg fekk eg
ein tidleg telefon med ei
kjend stemme denne dagen:
-
Dette trur eg er
det beste eg har sett på trykk i Sunnmørsposten nokon gong, lydde det muntert i
andre enden!
Ikkje alltid smålåten, med
andre ord!
Janne har fortalt meg at Johan
bala med utsparka sine på Buas siste tida, men at han fortalde at han kasta ut
ballen når det vart for ille. Då er det greitt å vite at der du er komen no Johan,
finst korkje ryggilt, sinte kjerringar frå Tafjorden eller motvind. Alle
komande kampar vil gå på strøkne grasbaner i medvind.
Takk for innsatsen – og for
fylgjet!
Din gode ven
Atle Jomar
·
Takk til alle
ramstaddalingar som «gav» Johan Svindseth til Tandstad krins i 1949!
·
Divisjonsmeister
2.divisjon, distrikt sju, i 1952/1953
·
Kretsmeister i 4.divisjon
med VRF i 1962
·
Kretsmeister i
4.divisjon med VRF i 1965
·
Fylkesmeister
(distriktsmeister) i 4.divisjon med VRF i 1965.
·
VRF sin fyrste
gullklokke-vinnar for 200 serie-og cupkampar.
·
Fleire gonger
utteken som målmann på Bygd sitt lag i kampane mot BY.
·
Stadig vekk på Smp sine «Ukens11-lag» frå øvste
kretsserie på Sunnmøre.
·
Æresmedlem i VRF i 1998.
·
Har blitt kåra til «Årets Supporter» i VRF.
·
Har vore trenar
for aldersbestemte lag i VRF.
·
Har eit utal
kampar som billettør for VRF og FKS.
·
Loddseljar i
verdsklasse – jamfør Førjulsmessa i Velledalen.
·
Brukt eit utal
timar på anlegget på Slettegjerde.
·
Med sine rikt
utrusta talegåver var det alltid latter og godt humør der Johan ferdast i
velmaktsdagne sine.