Pe-Jon og Lars-Harald sådde grasbana i 1970

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Mar 2021

Vi hadde mistanke om at
dette var vanskeleg…. Og det var det tydelegvis. Vi spurde om kvar karane som
sådde Dalemyra grasbane i 1970 kom frå, og gav fire alternativ. Alle som svara
trudde såarane kom frå Velle eller Brunstad. Kanskje ikkje så unaturleg med Velle,
sidan bana ligg der. Og Brunstad var folkerikaste delen av Velledalen, så det òg
kunne vore eit solid tips. Men så enkelt var det altså ikkje. Denne gongen var
det vrien lokalhistorie vi serverte.

  

Rett svar var Hjorthol,
sidan det var Jon Hjortdal og Harald Hjorthol som gjorde den viktige jobben med
å få grasfrøa i jorda.

Det vart diverre ingen
premie for rett svar denne gongen.

Medan premien trekt mellom
alle som sende inn, går til herr Svein Arne Nakken i Straumgjerde.

VIL-Nett gratulerer - premie vil kome!