Denne gjengen planlegg o-treningsløp
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Mar 2021
O-gruppa hadde ei hektisk
helg den 20. og 21.mars. Fire kvinner fullførte del 1 av trenarkurset gjennom
eit digitalt opplegg over to dagar, medan fire andre la planar for laget sitt
komande program for o-treningsløp.
Desse tok del 1 av
trenarkurset: Pernille Ibsen Lervåg, Janne Tomtum, Torild Hole og Ann-Helen
Hole.
Desse arbeidde med planlegging
av laget sine o-løp: Pernille Ibsen Lervåg, Per Magne Drotninghaug, Lars Even
Hatlemark og Alastair Brunton.
Med andre ord ei skikkeleg
god arbeidshelg for ein engasjert gjeng.