Møre og Romsdal skikrins 100 år 12.mars
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Mar 2021
Arkivfoto
Men det har ikkje alltid
heitt Møre og Romsdal skikrins. Tidlegare vart dette delt i tre, med kvar sin
skikrins for Sunnmøre, Nordmøre og Romsdal. Det var fyrst på 1980-talet det
vart heitande Møre og Romsdal skikrins.
Velledalen IL er i dag
tilslutta tre forbund, Skiforbundet, Friidrettsforbundet og o-sporten sitt
forbund. Historisk er det i skisport laget har hatt dei beste resultata, men i
nyare tid har prestasjonane i orientering og friidrett vore betre enn det
skiløparane har prestert – i alle høve om ein måler etter talet på KM-titlar.
Sidan det er skikrinsen
som no jubilerer, skal vi gå nærare inn på Velledalen IL sine prestasjonar på
dette området, i det vi tek for oss laget sine KM-titlar vunne desse 100 åra:
Langrenn individuelt: 22 KM-titlar
Fyrste tittel – 1951: Olav
P Hole, KM-vinnar 30 km langrenn
Siste tittel – 2006:
Kenneth Fet, KM-vinnar langrenn i klasse G 14.
Kombinert: 2 KM-titlar
Fyrste tittel – 1954: Olav
P. Hole KM-vinnar kombinert
Siste tittel – 1964: Olav
P. Hole KM-vinnar kombinert
Skistafett: 4 KM-titlar
Fyrste tittel – 1952:
Velledalen IL KM-vinnar over 4X10 km stafett i Hovdebygda med laget Ole L. Hole, Paul
Hole, Jon C. Brunstad og Olav P. Hole
Siste tittel – 1985:
Velledalen IL KM-vinnar over 3X10 km stafett i Ørsta med laget Atle Hole, Pål Rune Fet
og Terje Aurdal
Alpint: 10 KM-titlar
Fyrste tittel – 1972:
Øyvind Fet KM-vinnar i storslalåm
Siste tittel – 1985: Ann
Kristin Fet KM-vinnar i storslalåm
Hopp: Ingen KM-titlar
Velledalen IL har gjennom
åra hatt mange solide hopparar, men i fylgje laget sine møtebøker har ingen av
dei nokon gong vorte krinsmeister.