Brunstadekspressen stakk av med gjevaste premien

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mar 2021

Arne Emdal Sørensen stod
for den fysiske trekninga på Nærbutikken i Velledalen tysdag 2.mars. Den
sværaste premien, ei klubbjakke, vart

vunnen av Sverre Gunnar Brunstad. Ein velkjend løpar her lokalt, som for
tida sorterer under Osloavdelinga.

To andre vart også trekte
ut som vinnarar. Det vart veteranen Eldrid Myhre og ein av våre yngste, nemleg
Live Weiberg-Aurdal. Premiane vil dukke opp.

Velledalen IL takkar dei
mange som har betalt kontingent for økonomisk støtte. I løpet av mars månad vil
laget ganske sikkert passere 200 betalande. Eit svært bra resultat.