God straum av mosjonistar i skogsvegen Hjorthol

    Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Feb 2021

    Pensjonistane dominerer på
    fleire av Velledalen IL sine trimpostar, men i skogsvegen Hjorthol er det ein
    fin miks mellom unge og eldre. Såleis er det særdeles gledeleg

     at to unge gutar/menn, som Anders Leirmo og
    Lars Urke Hjorthol, er trygt inne på topp -5. Heilt i toppen finn vi rutinerte
    travarar som Ingrid Brudevoll og Anita Hjorthol, to utøvarar med brei røynsle over
    fleire tiår

    Her er topp-5 ved trimposten i skogsvegen Hjorthol torsdag 25. februar
    klokka 15.00:

    94 turar: Ingrid Brudevoll

    74 turar: Anita Hjorthol

    67 turar: Lars Urke Hjorthol

    26 turar: Anders Leirmo

    23 turar: Evelyn Holmberg

    Vidare nedover på lista
    var det tett som hagl. Her er mange som kan arbeide seg oppover før vi set
    sluttstrek i oktober.

    Vi nyttar òg høvet til eit
    HIPP, HIPP HURRA for Ingrid Brudevoll som vart 70 år tysdag 23. februar. Ingrid
    har dei to siste sesongane samla mest trimpoeng – alle postar medrekna - av
       personar busette i Velledalen. Ein pen
    prestasjon! VIL-Nett gratulerer med overstått dag, og ynskjer
    lukke til i resten av trimåret!