Minneord Paul Halstein Hole – eit liv i form
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Feb 2021
Paul var allsidig, men
sportsleg var han mest kjend for å vere Velledalen IL sin fyrste KM-vinnar.
Det var så langt
tilbake som 1949, og distansen var 1500 meter.
Dette var i Paul sitt siste år som junior-løpar. Vinnartida var 4.22.4.
Underlaget koksgrus.
I 1952 gjekk han på Velledalen
IL sitt lag som vann 4X10 kilometer stafett under KM i Hovdebygda. Dei tre andre
på laget var broren Olav, naboen Ole L. Hole og Jon C. Brunstad frå Brunstad.
Paul var òg ein habil
fotballspelar på Velledalen IL sitt fotballag i etterkrigsåra.
Litt inn i 1950—åra vart
det mindre tid til idrett for Paul. Saman med broren Olav stifta han firma, og
han stifta familie og bygde hus. Som han sjølv sa om desse travle åra:
-
Eg arbeidde om
dagen og skrua om natta!
Det spesielle med Paul er
at han òg har ei karriere i nyare tid. Innan lågterskel-idrett.
Idrettsmerke-taking har
han meir eller mindre sysla med heile tida. Han stogga på 55 godkjende prøver.
Berre èi per år er lov. Sist gong han tok idrettsmerke-krava var i 2019 – i sitt
90.leveår, noko han er åleine om i Velledalen IL.
Då arkivet for Fjellsæterrunden
ved ein glipp vart rydde ut av Ikornnes klubbhus og kasta, var Paul Hole mannen
med flest deltakingar i trimklassa. Vidare har han full pott i Konradløpet, 18
av 18 moglege løp, eit løp han debuterte i som 72-åring. Då han fullførte med
stil 1.mai 2019, gjekk han altså i sitt 90.leveår. Berre Tomas Tandstad og
Kjellaug Ulset har fullført i høgare alder. Også under Ramstaddalsløpet har han
vore trottig deltakar, ofte som startmann. Fotoet er henta frå Velledalen IL
sitt arkiv, der vi ser Paul frå Ramstadalsløpet 2016,
altså i hans 87.leveår.
Personleg har eg hatt
mange gode samtalar med Paul opp gjennom åra. Under ein samtale for minst ti år
sidan, fortalde eg han at det stod mykje godt stoff om idretten i hans unge år
i møtebøkene våre, men at det over heile lina mangla resultat:
-
Det står at du
under KM i friidrett i 1949 vann 1500 og vart nummer to i tresteg og lengde,
men det står ingenting om kor langt du hoppa eller kor fort du sprang.
Då svara Paul:
-
Det er mestå for
gale.
Nokre veker seinare kom
Paul på døra mi med ein svær bunke papir under arma og eit smil om munnen:
-
Eg sat ein heil
dag ute i Ålesund i Sunnmørsposten sitt arkiv og bladde og leita. Eg fann ein
del.
Og slik har det seg at
Velledalen IL
veit at Paul
i 1949 var stabil på litt i overkant av 4.20
på 1500 meter og i underkant av 2.05 på 800 meter, og at han vart utteken på
krinslaget til kappestrid mot romsdalingar og nordmøringar. Men han kom ikkje
berre med eigne resultat. Han dokumenterte at Torleiv Hole og Johan Strøm hadde
vore gode løparar, og at broren Olav var ein harding på 3000 meter- alle desse
tre med tider kring 10.00 (noko ingen juniorar gjer etter dei i eit nornalår i
Sykkylven no til dags). Og han dokumenterte Olav sitt gjennombrot
på ski, då han slo Jakob Kjersem under Langevågrennet i 1950, som kvalifiserte
han for A-klassa året etter.
Faktisk var Paul sin
innsats i Sunnmørsposten sitt arkiv, historisk viktigare for Velledalen IL, enn
at han sjølv vart KM-vinnar i 1949. Kjem ein junior til friidrettsleiar Alf
Petter Bøe i dag og slår seg på brystet og er stolt over ei tid på kring 4.45
(som faktisk er bra), seier bøfjordingen:
-
Du er drygt 20
sekund bak tida til Paul Hole frå 1949. Han sprang på koksgrus, og nytta dårlegare
sko og klede. Du må trene meir, gut!
Æresmedlem Paul Halstein
Hole vil bli sakna i Velledalen IL. Det vil vere noko som manglar under neste
Konradløp, når alle deltakarar over 80 år blir trekte fram på scena. Paul har
alltid vore der. Han kan stå som eit føredøme for korleis eldre skal handtere
fysisk aktivitet i høg alder. Stillfarande og verdig utan fakter. Eit liv i
form har ebba ut – eit liv Velledalen IL minnest med takksemd!
Atle Jomar
PS. For å heidre Paul sitt
minne legg vi ved eit Idrettsminne frå Velledalen IL sitt arkiv, frå året 2012. her