Idrettsskulen i gong igjen
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Feb 2021
Etterspørselen
var stor, og 40 barn i aldersgruppa førskulebarn til 3.klasse deltek. Dermed er
idrettsskulen fullteikna for denne gong. Torild Hole og Janne Tomtun har ansvar
for den yngste gruppa, medan Mari Leichty og Ann-Helen Hole har ansvaret for
dei eldste.
Oppstarten
var tysdag 26. januar. Då var det leik og bli kjend- aktivitetar som stod på
planen. Tysdag denne veka var det skileik som var temaet, og dette vil vi halde
fram med dei neste øktene. Her har vi vore heldige å fått med oss Bjørn-Inge
Drabløs som instruktør. Sjølv om gradestokken viste fleire minusgrader, var
både humøret og innsatsen til ungane på topp! Dei fire damene i
idrettsskulegruppa er nøgde med oppstarten, og ser fram til ein ny tysdag på
fjellet.