TeleNor/Fjellsætercup og Barnas Fjellsæterrunde.
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Feb 2021
Arkivfoto
Påmeldingspremiane står for lengst klare til
utlevering, datoar var fastsette, og vinteren og skiløypene er på plass!
Men så var det Koronaen då… Alle er vi smerteleg klare
over at det på landsbasis har vore ei stor auke i smitte etter nyttår, og også
av den meir hissige varianten frå Storbritannia. Heldigvis har vi på våre
trakter vore sparte for det meste. Men, det betyr ikkje at vi berre får sleppe
oss lause av den grunn.
Frå langrennsgruppa si side har det vore kontakt med
kommunelege Ove Økland. Legen seier at det i utgangspunktet ikkje er lov med
konkurransearrangement. Han kan likevel godkjenne at vi arrangerer
TeleNor/Fjellsætercup, men då med eit tungt ansvar og fokus på smittevern.
Desse smitteverntiltaka synest vi blir for vanskelege å etterkome.
For det første betyr det at vi ikkje kan ha påmelding
i bua på startsletta, for der blir det som oftast kø. Og køer må vi for all del
unngå. Lars Inge Sæther har langt på veg hjelpt oss med ei digital løysing for
førehandspåmelding via data/telefon/nettbrett, så den saka kan etter kvart vere
grei. Men kva gjer vi med «slengarar» på sletta som ikkje har meldt seg på. Vi
synest det vil vere vanskeleg å «utestengje
» born og vaksne som tilfeldigvis kjem og vil
delta?
For det andre seier
kommunelegen at dersom vi vel å arrangere, så må vi pakke alle startnummera i
plast på førehand. Startnummerutdelinga må deretter føregå med hanskar og
munnbind. Vi vil då trenge fleire folk enn det vi vanlegvis har.
I neste omgong, når borna
kjem i mål, må vi på eit eller anna vis få inn att alle startnummera, som då må
handteast deretter før dei vert vaska, tørka og igjen kan brukast ved neste
arrangement.
Opp i alt dette har vi som
arrangør heile tida eit tungt ansvar med å unngå kø eller samanstimling av
folk. Saftutdeling er forbode.
På TeleNor/Fjellsætercup er
det alltid ein del faste deltakarar frå kommunen vår, men i og med at vi
arrangerer renn i helgane, er det umogeleg å vite kven som impulsivt kjem og
vil vere med.
Klarer vi å finne ei ordning for det? Og kvar kjem så
desse deltakarane frå? Vi ønskjer ikkje å bidra til at vi blandar saman mykje
folk frå mange ulike stader, noko som igjen kan gi oss rykte
for å ikkje ha kontroll på det vi held på med (jfr. tilstanden første helga
i skitrekket). Vi vil ikkje kunne klare å føre lister over alle som oppheld seg
innanfor arrangementet vårt, då det som oftast er ganske mange fleire enn dei
som faktisk deltek, som td. foreldre, besteforeldre, søskjen m.fl. Eit ynske
hadde vore å arrangere renn i samband med vinterferien og påskeferien, for då
er det stor sjanse for god deltaking. Men, då er sjansen samtidig størst for
evt. smittespreiing.
Med bakgrunn i alt dette, vel vi å avvente med å
arrangere TeleNor/Fjellsætercup inntil vidare.
Men skiløypene ligg der og må brukast. Forholda er gode,
og vi anbefaler på det sterkaste at både små og store tek turen ut i dei flotte
løypene som er trakka opp i området rundt Nysætervatnet.
På vegner av langrennsgruppa
Svein Nakken