Hau-tvillingane har fødselsdag 30.januar
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jan 2021
Er vêret lagleg, kjem sola
attende over Holegardane den 30.januar. Denne datoen i 1960, kom det to ekstra
soler i Hau-garden, nemleg tvillingane Ove Inge og Kai Roger.
Begge to med solid,
allsidig idrettserfaring alt frå unge år. Begge med lang fartstid som medlemar
i Velledalen IL. Ei solid rekkje verv har desse gutane hatt opp gjennom åra.
Ove til og med leiar i hovudstyret i skrivande stund. Kai har mellom anna vore
kasserar for nokre tiår sidan, og elles ein glitrande hesteskokastar den tida
den greina var i vinden. Begge har vore innom idrettane fotball, handball,
langrenn og friidrett.
61 år som dei fyller i dag
vil somme sikkert hevde er lite å feire. I så fall kan dei heller feire at det
er 40 år sidan begge var med på Velledalen IL sitt lag i Holmenkollstafetten,
som sette klubbrekord tidsmessig med tida 54.42. Då var Hau-tvillingane 21 år
gamle, og eldstebror Nils sprang på same laget. Gode minne frå ei tid som var.
Velledalen IL
gratulerer to solide støttespelarar med 61 års
dagen!