Tap av idrettsven – Edvard Ingvald Hole
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jan 2021
Bilete frå 2009
Edvard kom frå Knutgarden
på Hole, der han voks opp som yngst av fem born. Dei to brørne som var nærast
Edvard i alder, Ole (fødd 1923) og Torleiv (fødd 1930) var dyktige idrettsaktive,
særleg innan ski (langrenn) og springing. Difor var det ikkje unaturleg at
yngstemann fatta interesse i same lei. Men Edvard ville bli skihoppar. Det var
den idretten han elska og fasinerte han mest.
Diverre vart Edvard råka
av eit par stygge ulukker som gjorde at han aldri vart den hopparen han kunne
ha blitt. Men i fylgje møteboka til Velledalen IL frå 1962, hoppa han likevel i
storbakken på Brunstad under eit bygda-renn i april. Med tredje plass som
resultat. Dette året må ha vore ein god snøvinter, for 15.april same år kom
verdsmeister i kombinert, Arne Larsen, til storrennet i Brunstadbakken. Då var
Edvard Hole ein av tre hoppdommarar som gav Arne Larsen 3 X 19 i stil.
Men før dette, hausten
1958, vart Edvard valt som formann (som det då heitte) i Velledalen IL, berre
24 år gamal. Han sat berre ein periode, men dette var nok ei hektisk tid i
livet hans. Han hadde gifta seg med Ellinor, og i perioden 1958 -1961 kom tre
døtre til verda, og det vart husbygging på Hole med tomt frå Knutbruket.
Frå 1965 og utover gjorde
Velledalen IL ei satsing på barneidretten. Alle tre døtrene til Edvard og
Ellinor var ein periode av livet aktive i langrenn. Eli også i friidrett.
Dermed hadde ekteparet hendene fulle med å fylgje opp. For Edvard innebar dette
mellom anna stell og smurning av ski, deltaking på treningar og skirenn rundt
omkring på Sunnmøre i helgane. I denne perioden sat han òg i langrennsgruppa
til Velledalen IL.
Etter at Dalemyra stadion
vart opna i 1971, kom det etter kvart opp ein stadionkiosk. Her gjorde Edvard
mang ein time dugnad for VIL, saman med sin gode ven Karl B. Lade, under VRF
sine heimekampar. Han sat såleis både i det som heitte kiosk-styret og
bingo-nemnda i mange år. Bingo var populær tidtrøyte på denne tida.
Under årsmøtet hausten
1974, enda det med at Edvard Hole vart valt til formann (som det framleis
heitte) i Velledalen IL for 1975. Aktiviteten denne tida var stor i
barneidrettane, både i alpint, langrenn og friidrett. Alpinanlegget i Ladalen
hadde konkurrert ut hoppsporten, idretten som stod Edvard sitt hjarte nærast. I
1976 fekk han avløysing av Hallstein Ånes som leiar. Men han heldt fram enno
nokre år i kiosken på Dalemyra før hans kring 20-årige virke i Velledalen IL
var over.
24.januar kom så dagen der
hans jordiske liv ebba ut.
Velledalen IL
takkar ein av sine trufaste soldatar -
Edvard Ingvald – både for dei små tenestene,
og dei store. Og ikkje minst alle gode minna!
Atle