Svein Arne Nakken er halvegs til 110 i dag
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jan 2021
Svein Arne Nakken kan
omtalast på eit utal vis. Han vert rekna som Tandstad krins sin mest
prinsippfaste og standhaftige mann. Ein som ALDRI går på akkord med meiningane
sine.
Medlemskapen i Velledalen IL
strekkjer seg langt tilbake i tid. Han har konkurrert på ski frå barnsbein av.
Kjempa tøffe kampar mot jamgamle Roger Malvin Hole og noverande
sykkylvsordførar Odd Jostein Drotninghaug, alle tre januarborn. Det vart sagt
om desse duellane at vart ein beste VIL-løpar i årgang 1966, kunne ein langt på
veg sjå mellom fingrane om ein vart slegen av ti andre løparar. Vart ein der i
mot sist av VIL-trioen, då måtte ein trene meir.
Som skiløpar såg Svein
ljoset då han gjekk lærarskulen på Elverum. På litt sikt gjorde det han
avhengig av Birkebeinerrennet, Vasaloppet og ei rekkje andre renn. Men lukka
er;
til eldre han vert, til betre blir
han samanlikna med konkurrentane.
På løpsfronten har han
kjempa ein seig kamp mot sønene, Sivert og Andreas. Den kampen er no på det
næraste tapt. Men vi trur han enno kan ta dei på lange motbakkeløp seig som han
er, som Nibbeløpet eller Skåla Opp – vel å merke på ein god dag.
Han er Hødd-tilhengar og
nynorsk-patriot på sin hals. Kjem ei sak om Hødd i Sunnmørsposten på bokmål,
ringjer Svein avisa, set dei på plass og trugar med oppseiing av abonnementet.
Han kvir seg heller ikkje for å kontakte stortingsrepresentantar eller andre «prominente»
personar, for å fortelje at han slett ikkje deler synet deira. Han er 100
prosent rusfri, og vil om kring ti år truleg vere ein av svært få med lang
teneste i skuleverket, som ikkje har teke ein tår kaffi på lærarrommet.
Fotoet er henta frå det som
før i tida heitte «VRF-fest». Svein hadde ei lang, og god teneste som oppmann
(no lagleiar) i VRF. Og når Leiv Alnes skulle heidrast for lang og tru teneste,
og att på til ville prøve sau etter at kalkun ikkje svara heilt til
forventningane, kva var vel då meir naturleg enn at sauebonden, Svein, kom
dragande med ei «jimber» - på scena i Velledalen grendahus…?
VIL-Nett gratulerer Svein
Arne Nakken, æresmedlem og leiar av skigruppa i Velledalen IL, med 55 års dagen
den 28.januar. Kjenner vi Anita rett har ho sytt for at det vart ein gild dag i
Gylet.