«Årets Utøvar» herre: Ikkje uventa vart det Njål

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Jan 2021

Arkivfoto
Kort og godt ein
knallsesong av Njål, med nye personlege rekordar på 5 km, 10 km, halvmaraton og
heilmaraton. Særleg i siste halvdel av 2020 var det kvalitet i alle løp, og
stort sett høgt oppe på resultatlista i klasse 35-39 år.

Vi tek med litt frå siste halvdel av sesongen:

Juni: 17.15 på 5 kilometer

Juli: Halvmaraton på
1.18.45

August: 1.17.07 på
halvmaraton (identisk med bestetida til Einar Fet)

September: 2.40.18 på
heilmaraton under Perseløpet på Jessheim. Passerte halvmaraton på 1.20.00.
   Vel-disponert vert eit forsiktig ord her!

Oktober: Vann 10 km i
Perseløpet klasse 35-39 år på tida 34.22. Passerte 5 km på 16.57. Personleg
rekord på begge distansar.

Oktober: Nr 4 i klasse
35-39 år (av 50 deltakarar) på halvmaraton i Nordmarka Skogsmaraton, med tida
1.22.36

Njål sine personlege rekordar, alle sett i 2020:

5 km: 16.57

10 km: 34.22

Halvmaraton: 1.17.07

Heilmaraton: 2.40.18

Tittelen «Årets Utøvar»
heng etter kvart ganske så høgt både på herre- og kvinnesida i Velledalen IL.
Årets jury var ikkje i tvil om at prisen på herresida for 2020 måtte gå til ein
«stayer» av høg rang.

Gratulerer med ein imponerande sesong, og fortent pris, Njål!