Sigbjørn Brunstad «Årets Bestefar»

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jan 2021

Truleg tenkte han:



  -
   
   




 No har dei teke
feil av datoen, det er ikkje i dag eg fyller 80 år!

Men feil av datoen hadde
ikkje VIL sin representant teke, for helsinga hadde ikkje noko med dagens dato
å gjere, men snarare for ein prestasjon over tid i 2020:



  -
   
   




 Dette er ei
helsing til deg som «Årets Bestefar», sidan du er den einaste i Sykkylven hittil
som har fått oppleve at eit borneborn (Sondre Brunstad Fet) vert seriemeister i
seniorfotball for herrar.

Då skein Sigbjørn opp. Ei
slik helsing hadde han ikkje venta seg, og tankane hans fall tydelegvis på
Sondre sin bestefar på farssida, Kaspar Fet. I alle fall kom orda:



  -
   
   




 Det var synd
Kaspar ikkje skulle få oppleve dette.

Akkurat der var det lett å
vere samd med Sigbjørn. Dette hadde Kaspar likt, idrettsinteressert som han var!
Men no vart det slik at Sigbjørn som beste-forelder vart åleine om hendinga, og
skal vi vere ærlege trur vi knappast nokon sykkylving får oppleve det same dei
neste 100 åra heller. Difor meir enn fortent at det i dette høvet vart gjort
litt stas på Sigbjørn – VIL-medlem gjennom det meste av livet. Ein kar som til
og med har rigga opp ei provisorisk lysløype på eigen grunn på Brunstad. Men
det er nokre år…… eller kanskje heller tiår…..sidan.