Constantin Rust er «Årets Nykommar»
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jan 2021
Få minutt før start i Tomasløpet 21. juni melde Constantin
seg inn i Velledalen IL. Debuten i løpet som går frå Straumgjerde og opp
sætrevegane til Bruna og Straumsdalen, gjorde han unna på 17:55, nær Kjell
Magnar Berli sin løyperekord
Vidare har han levert sakene i eit år med få konkurransar å
vere med på, samanlikna med eit «normalår» - og det han leverer er på eit så
høgt nivå at det berre er eit fåtal på Sunnmøre som kan utfordre han. Høyr
berre her:
Tredjeplass av 161 i Tromsø Mountain Ultra (25 km fjelløp)
på tida 2:01:34, og nr.3 på 10 km asfaltløp (Eidemila) på 34:03, begge i
august, og i studiebyen Tromsø. Han sprang vidare ein tøff halvmaraton på sti
på tida 1:53:58, som heldt til 5. plass av 149 deltakarar, og toppa det heile i
Ålesund i romjula med 2. plass (av 150) og tida 1:15:24 (VIL-rekord) i Ålesund
Nyttårshalvmaraton – for øvrig dagen etter ein seig skitur på fjellet Jakta.
Året 2020 var også året der Constantin debuterte i Koldabakken Grand Prix på
Hole. Det enda med totalsiger, og klar ny løyperekord på tida 1.17.
Det er grunn til å tru at Constantin – i juryen sine auge - var den hardaste utfordraren til mannen som i 2020 vart kåra til «Årets Utøvar»
på herresida.
Vi gler oss til å sjå meir av VIL-løparen Constantin!