Intensjonane for hopp-sporten var gode

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jan 2021

Kom nokon til Velledalen
på siste halvdel av 1960-talet, kunne ein ikkje anna enn bli imponert over skiidretten
sin posisjon i dalen. Nokre år tidlegare hadde Velledalen IL starta opp ei
gruppe med barneidrett, og fylgde opp med lysløype for langrenn, hoppbakke og
alpinbakke, begge med lys. Alt dette låg i Holemarka, der aktiviteten var rekordstor
på kveldstid – i nokre år.

«Alpinanlegget» låg i lia
rett ovanfor huset til Hjørdis og Harald Lødøen. Som nemnt med lys og eit
provisorisk skitrekk. Dei største eldsjelene innan alpinsporten kom denne tida
frå Fet. Med Odd Gjersrud og Magnar Fet i spissen på vaksensida, vart Ole
Jostein Fet, Karsten Fet og Jan Petter Fet VIL sine fyrste alpinistar i denne
barnesatsinga. Deltaking i renn – med varierande resultat – stod på programmet mest
kvar helg i vinterhalvåret.

Legendariske
Brunstadbakken hadde sitt siste renn i 1965. I Holemarka fanst fleire
hoppbakkar. Den siste, og største frå denne perioden, låg i same lia kring 100
meter nærare Holegardane enn alpinanlegget. Her kunne dei beste hoppe kring 40
meter. Men sidan terrenget ikkje var «strøkent», måtte det flyttast snø av
mange personar i fleire timar, før fyrste hoppar kunne setje utfor. Men når
bakken fyrst stod klar, var aktiviteten enorm. I 1967 vart det arrangert
distriktsrenn i hopp – både stor og liten bakke – i Holemarka.

Lysløypa for langrenn
starta like ved alpinanlegget. Den gjekk så innover Holemarka like ovanfor der
Målfrid og Rolf Lødøen sitt hus står. Løypelengda var 500 meter. Lyskjeldene
hang i tre og stolpar. Spora innover marka og tilbake, låg ved sida av
kvarandre, slik at runden i løypa vart på 1000 meter. Manglande planering og
drenering gjorde at det måtte relativt mykje snø til for at løypa kunne
nyttast. I 1967 arrangerte Velledalen IL KM i langrenn for born i alderen 8-15
år i Holemarka. Start og mål like ved huset som Nina Lødøen eig i dag.

Det var ein fantastisk «drive»
over skisporten mellom born og unge i Velledalen desse åra.

Velledalen IL har kontrakta

Men i 1969 – for 52 år
sidan – hende det store ting i Ladalen. 25.mars dette året vart det underteikna
ei kontrakt mellom Sykkylven ski- og friluftssenter A/S og tre grunneigarar i
område. Ei kontrakt som sa at:

 -
   

 Sykkylven ski- og
friluftssenter a/s bygslar bruksretten til eit område ved Lade-stølen i
Sykkylven. Området skal nyttast til skitrekk med oppmarsj-område, skiløyper for
slalåm og utfor, hoppbakke og til oppsetting av hus som høyrer til (punkt 1).

Legg merke til at
hoppbakke er med i planane. Og dette vert omtala nærare i neste punkt. Vi
siterer:

 -
   

 Området ligg
mellom Krohnhytta og Vinjehytta og oppom kommunevegen. I tillegg til dette,
skal eit eit område ca 25 m breidt nedom kommunevegen leggast ut til
parkeringsplass. Området går til Lade felles utmark. Breidda for løype for
skitrekk skal vere 8,0 m og slalåm og utforløyper skal ha ei breidd på til saman
70 m. Hoppbakken skal ha ei breidde på ca 15 m. Området skal stikkast ut i
marka og merkast med varige merker, og området skal visast på eit kart som skal
leggast ved denne kontrakta.

Som ein ser:

Hoppsporten var med i
planane, men av ein eller anna grunn kom aldri bakken/bakkane. Men alpindelen
kom, og konkurrerte ut hoppsporten, som seinare gjorde nokre krampetrekningar i
Søvikdalen i regi av Sykkylven IL. Det pussige sett med 2021-auge, er at
trass framifrå fasilitetar, er alpinsporten mellom born fått same lagnad.
Utruleg nok er den død som konkurranseidrett i Sykkylven – og har vore det i
fleire år.

Velledalen IL har likevel
to hopparar i rekkjene sine. Men dei er langt frå fostra opp på lokal snø.
Veteranen Jan Ringseth held det gåande på imponerande vis enno, takka vere
Stavsengfjellet og seinare plastbakkane i Spjelkavik. Unge Jonny Mauren ser
kanskje føre seg ei framtid som skihoppar – i så fall er det plastbakkane i
Spjelkavik å takke.

Hyllest til grunneigarar

La vi slutte med å takke
grunneigarane Oskar Lade, Sverre Lade og Konrad Lade. Truleg tapte dei pengar
på denne «handelen». Vi veit kva prisane på hyttetomtene ligg på, og kor innbringande
denne kontrakta har vore gjennom åra, er det dei færraste som veit noko om.
Egoistar var dei tre karane i alle fall ikkje. Men det grunneigarane gjorde, og som det
ikkje herskar tvil om, er at dei gav sykkylvingar og andre, eit område til
rekreasjon, livsutfalding og glede.
 Tenk på dette neste gong du parkerer bilen din
i Ladalen og spenner på deg skia i alpinanlegget