Holmenkollstafetten: Jubileum for rekordlaget
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jan 2021
Velledalen IL debuterte i
Holmenkollstafetten i 1980. Det var store forhold i hovudstaden i høve til det
bygdegutane var vane med. Og debuten gjekk slett ikkje bra. Då Ivar Flo kom til
veksling på sin etappe fann han ingen å veksle med. Klokka til vekslingsmannen
hadde stoppa, difor var han fråverande i vekslingsfeltet. Det enda med at Ivar
Flo måtte leggje ut på ein ny etappe, etter at han hadde fått ein krakk av
arrangøren som han steig opp på og ropte namnet til mannen som mangla. Utan
resultat. Tida vart 57.12.
I 1981 var Velledalen IL
på plass igjen. I største klassa, klassa for idrettslag minus eliten på 20 lag.
Laget vårt starta i pulje tre, og kom i mål som nummer seks i pulja etter å ha
vore heilt framme på tredje plass. Tida vart dette året 54.42, som heldt til
ein heiderleg 121.plass
Her er laget:
1. etappe: Einar Magne Fet
2. etappe: Jan Egil Årnes
3. etappe: Kai Roger Skylstad
4. etappe: Atle Jomar Hole
5. etappe: Bård Per Erstad
6. etappe: Terje Sigbjørn Aurdal
7. etappe: Bjørn Harald Vanebo
8. etappe: Nils Terje Skylstad
9. etappe: Nils Petter Støyva
10. etappe: Jarle Svindseth
11. etappe: Ove Inge Skylstad
12. etappe: Pål Rune Fet
13. etappe: Svein Martin Lid
14. etappe: Sveinung Grebstad
15. etappe: Per-Gunnar Holmberg
Eit solid lag av menn i
sin beste alder. Eldst var Bård Erstad (38) og Einar Fet (37), dei einaste over
30 år. Tre mann var under 20 år, nemleg Pål Rune Fet, Nils Petter Støyva og
Svein Martin Lid (yngst på laget). Hau-tvillingane, Ove og Kai Skylstad, var 21
år.
Fleire av løparane på
laget spela fotball-kamp på Vigra mot Valder fredagskvelden, sette seg i
privatbilar og køyrde til Oslo om natta. Der tok vi inn på Bondeheimen til
frukost grytidleg ein laurdagsmorgon. Det var då Bård åt så fælt mykje. Det
vart sagt at han sette ny frukost-rekord på Bondeheimen denne mai-morgonen i
1981. Men han sprang fort likevel. Bård var råsprek i 1981. Han hadde og ein
kanonsesong på ski vinteren -81, noko vi skal kome tilbake til seinare i
vinter. Namnet Nils Petter Støyva er kanskje
ukjent for mange. Det var ein framfusen nordfjording som gjekk vidaregåande
skule på Stranda. Seinare hadde han seg såpass fram i verda at han vart
ordførar i Stryn. Ein rasande triveleg gut med lange steg i 1981! Einar Fet sprang 1. etappe fordi lagleiar
og manager, Terje Aurdal, meinte det var viktig å ha ein sterk løpar på 1.
etappe for å kome godt ut. Og Einar leverte «varene» Terje ville ha.
Og som ein ser av
lagoppstillinga sprang noverande gartnar og klubb-meteorolog i VIL, Per-Gunnar
Holmberg, siste etappe og gjekk i mål inne på Bislett. Ikkje så overlag mange
velledalingar som har sprunge der.
Personar med godt minne må
gjerne kome med kommentarar. I mai 2021 er det 40 år sidan hendinga. Ein skal
ikkje sjå vekk frå at det kan bli ei markering, ettersom Velledalen IL no også
har eigen klubb-kokk….