Bolla 80 år: Dei finaste orda skal du få!
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jan 2021
Dugnadsmannen og
gratis-arbeidaren, Johan S. Grebstad, har vore ein viktig mann for Velledalen
sitt ve og vel. Her på VIL-Nett, skal vi konsentrere oss mest om den sportslege
aktiviteten. Fyrste gongen vi finn namnet til Johan S. Grebstad i møtebøkene
til Velledalen IL er frå året 1957. Det står:
-
Bygdarennet vart
halde på Fjellsætra 24/3 under gode vêrtilhøve og med god deltaking. Av lagets
eigne løparar vart det fylgjande plasseringar:
Langrenn – gutar under 18 år: 3. Johan Grebstad
Året etter, altså i 1958, vann han guteklassa i Bygdarennet. Så la oss
slå fast: Bolla hadde i unge år eit visst talent for langrenn.
I medlemslista for
1958/1959 er Bolla mellom 25 medlemar i laget, der alle betalte to kroner i kontingent.
Og under årsmøtet 16.oktober 1958 – 17 år gamal -
fekk han sitt fyrste verv i Velledalen IL, då
han kom med i noko som heitte «Finansieringsnemnda» saman med Karl Lade og
Edvard Hole.
Seinare vart det eit utal verv
på Bolla. Han har vore innom det meste, unnateke leiar. Fyrste gong i
hovudstyret var i 1963, som ung herremann på 22 år. Men der han har lagt ned
klart størst innsats for Velledalen IL, er på Dalemyra stadion. På grasbana,
som seinare i 2021 fyller 50 år, same år som Bolla fyller 80. Slikt vert vel
kalla god «timing». Det skal seiast at svogeren, Per Hole Drabløs, også har
gjort manns jobb på Dalemyra. Men Bolla har vore der – meir eller mindre - heilt fram til no. Det enorme engasjementet hans for grastustane på Dalemyra
var nok hovudgrunnen til at
vart
Velledalen IL sin andre æresmedlem. Berre Sigvart Velle (mannen som gav grunn
til Dalemyra) var før han.
Og før Bolla vart
banemeister var han fotball-spelar på VRF, med 1960-talet som sitt store tiår.
Han opererte mest bak på bana, oftast som back eller stoppar. Han har trena mange
aldersbeste lag, og sat i uttakskomiteen (UK) til VRF sitt A-lag i 1978, det
siste året laget rykte opp til nivå tre. Med seks spelande trenarar, Ole Fausa,
Johan Grebstad og Lars Kornberg i UK, og Odd-Kåre Fet som oppmann.
Bolla er kjend som eit
rivjarn på frivilleg arbeid. Han har hjelpt langt fleire enn fotballag og
idrettslag. Eit utal dugnadar opp gjennom åra. Difor bøyer vi våre hovud i
respekt, og innser at karar som Johan S. Grebstad er gull verdt – kvar dag og
overalt!
Veledalen IL takkar og
gratulerer!