40 års minne i høve Roger Malvin sin 55 års dag
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jan 2021
Arkivfoto: Roger og Oskar Hole
I høve Roger Malvin sin 55 års dag dreg vi fram eit par 40 års minne.
Året er altså 1981, eit år der Roger representerte Velledalen IL i langrenn.
KM i langrenn vart dette året arrangert på Fjellsætra,
med 170 deltakarar, står det å lese. Arrangørklubben, Sykkylven IL, fekk Bengt
Ronny Lyshol som KM-vinnar i klasse G 12. Emblem IL reiste heim med seks av ti KM-titlar.
Roger Malvin gjekk dette
året i klasse G 14. Her er resultata:
1. Are Nerem, Emblem IL, 19.32
2. Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL, 20.10
3. Joar Eidheim, Sykkylven
IL, 20.13
4. Viktor Valdal, Valldal
IL, 20.13
5. Roger Hole, Velledalen IL, 20.26
6. Lars Haldor Sætre,
Vartdal IL, 20.59
7. Odd Jostein
Drotninghaug, Velledalen IL, 21.12
8. Terje Schrøder, Emblem
IL, 21.25
Dette var dei som fekk
namna sine i avisa
Så jumpar vi til 8.mars
same år og eit oppslag frå KM i stafett for born. Også det arrangert på
Fjellsætra med ikkje mindre enn 69 tremannslag til start.
I klasse 12-15 år mønstra Velledalen IL
1 fylgjande lag: Roger Hole, Svein Arne Nakken
og Odd Jostein Drotninghaug. Tre relativt kjende karar, må seiast! Slik gjekk
det:
1. Emblem 1, 25.46
2. Ørsta 1, 25.50
3. Sykkylven 1, 25.57
4. Emblem 2, 26.49
5. Volda 1, 27.08
6. Ikornnes IL
27.33
7. Sykkylven 2, 28.09
8. Volda 2, 28.17
9. Hovdebygda 1, 28.30
10. Velledalen 1 og
Stranda, begge 28.38
13. Velledalen 2 ( Steinar
Fet, Anders Straumsheim og Eivind Drabløs).
Kven som spurta mot
Stranda veit vi diverre ikkje, men kanskje kan ein av dei tre oppegåande
herrane på laget kome med ei tilleggsopplysning….?