- E ha vårre der. AP Bøe melder overgang til VIL
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Jan 2021
Det er med ovstor glede vi
kan melde at Alf Petter Bøe, friidrettsleiar i Velledalen IL, også skal konkurrere
for Velledalen IL frå 2021. Les kortversjonen av Alf Petter Bøe (53) sine
sportslege bravader. Det er nemleg ingen smågut det er snakk om.
I unge år spela Alf Petter
fotball. For Bøfjord IL. Stort sett på nivå fire eller fem. Men sidan han toppa
alle kondisjonstestar som strekte seg over litt tid i laget sitt, fann han at
han ville prøve friidrett. Året var 1993. AP melde seg inn i Idrettsklubben
Rindals-Troll
-
Eg hadde ikkje
løparkropp, men kunne tole mykje trening. Opp mot 150 km i veka. Treninga var
periodisert slik at eg køyrde to harde veker, etterfølgd av éi lett.
Alf Petter fortel at når
han trena på det meste og beste vog han 65 kilo. Og resultata kom raskt. 1994
og 1995 vart begge sterke sesongar. Særleg 95-sesongen vart sterk med 14.53 på
5000 meter og 8.45 på 3000 meter, begge på bane.
-
På denne tida
vart landevegsløp rekna som «annenrangs» i mange løparmiljø, men eg er nøgd med
persane mine på 10 kilometer landeveg (32.44),
halvmaraton
(1.08.30) og Torvikbukt Rundt (46.33)
MESTÅ BRÅSTOPP
Alf Petter Bøe flytta til
Sykkylven for å gå AMO-kurs i 1997. Slike kurs gav arbeid, og etter kurset har
Alf Petter halde seg til møbel. Formfin, og klart mest Ekornes, har vore
arbeidsplassar. Fyrste dag på jobb i 1998 hende dette:
-
Ein kar kom bort
til meg med orda:
-
God dag, eg
heiter Lars Kåre Utgård. Sparkar du fotball…?
Frå 1998 og ut 2001 spela
han fotball på Hundeidvik IL. Kjærleiken tok han til Velledalen. Dottera Ildri
kom til verda i 2001. Og det vart husbygging. Han hadde tredemølle, men den stod
til pynt. Eit «godt liv» der kiloa seig på. Botnen nådde han i 2008 to år etter
dotter nummer to, Lovise, kom til verda. Redninga vart eit besøk hos fastlegen
i 2008. Orda som slo mot han der vart ein tankevekkjar:
-
De må slanke dem!
KONRADLØP I 2007
Alf Petter budde mange år
i Velledalen utan tanke om å delta i Konradløpet. Fyrste gongen var i 2007:
-
Det var året før
eg nådde botnen. Eg minnest eg hadde nærkontakt med Per-Gunnar Holmberg framme
i Nakkeberget, og i mål spurtslo eg så vidt Oddbjørn Brunstad. Jon Hjortdal hadde
eg ikkje sjanse på.
Men fastlegen sine ord: -De må slanke dem, tok Alf Petter alvorleg.
Frå sommaren 2008 til sommaren 2009 gjekk han ned 14
kilo. Medisinen han brukte var vandring til Velledalen IL sine trimpostar og
joggeturar inn Holemarka og tilbake til bustaden. Han hadde starta på 2.bølgja!
Konradløpet i 2010 gjekk unna på brillefine 15.52. I 2011 endå betre då klokka
stoppa på 15.39. Same året, i vektklasse om lag 70 kg, sprang han halvmaraton i
Ålesund på 1.18.57. Klassevinnar som siste års løpar i M 40-44, noko som får
alf Petter til å kommentere
-
Pussig dette. I
2011 sprang eg like fort som jamgamle Brunstadekspressen (Sverre Gunnar
Brunstad). Han spring like fort den dag i dag, det gjer definitivt ikkje eg.
2011 var heilt klart den sportslege toppen av 2.bølgja.
I løpet av 2.bølgja har
elles Alf Petter blitt meir allsidig. Han har fått smaken på Fjellløp, er
flittig deltakar på karusell-løp sommar som vinter og har flytta frå Brunstad
til Tregardane.
-
E HA VÅRRE DER
3. bølgja kan fort gjort
bli den siste i karrieren. Den spring han for Velledalen IL.
Han har lært mykje i veldrivne klubbar på
Normøre (Rindals-Troll og Rindal IL). Klubbar på høgt nasjonalt nivå. I
juleferien tok han farvel der - Dei hadde forståing for det. Eg er
framleis velkomen til å trene med lagkameratane der når er vitjar nøre luten.
Alf Petter held ei opning for
at han likevel avsluttar på Nordmøre. Yngste dottera, Lovise, vert konfirmert
til våren. Og kvar døtrene hamnar veit han lite om i dag. Velledalen IL håper
eit lokalt kvinnfolk grabbar tak i han og steller godt med han, slik at
flyttetankane vert kansellert.
Men enn så lenge vil han
uansett kaste glans over Velledalen IL. I 2021 også sportsleg. AP satsar på å
byggje seg opp til 2022-sesongen. Då er han yngst i klasse 55-59 år. Alt
tilseier at han vil markere seg der. Men som han sjølv seier:
-
E toler mislykkas, for e ha vårre der!
Med det så meiner han at
han tok ut potensialet sitt då han var i 20-åra. Ikkje alle har fått gjort det.
PS.
AP Bøe har siste tida
representert Rindal IL med stil og profil. Klubbkleda til nordmørsklubben har
vore flittig å sjå i løp på Sunnmøre. På dette
feltet synest Alf Petter at Velledalen IL sine løparar er svake, og dette er
eit felt han vil tak i.
-
Eit fotballlag
stiller ikkje i eit utal ulike drakter i kamp, og det gjer heller ikkje seriøse
utøvarar i løp. Då er det klubbtrøya (singleten) som gjeld!