God start for Straumsheim trimpost
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jan 2021
Vi er kring tre mnd inn i
ein ny trimpost-sesong. Vi har sett nærare på aktiviteten på posten som var ny
frå oktober 2020, Straumsheim trimpost.
Meldaren vår var på posten
29.desember klokka 15.30. Då hadde posten 397 noteringar i boka, noko som er
solid. 1.plassen var delt, og fire utøvarar skilde seg ut. Her er topp-4
Straumsheim trimpost per 29.desember 2020:
52 turar: Magnus Skrede
52 turar: Inger Haldis
Kurseth Tandstad
38 turar: Kåre Hunnes
28 turar: Odd-Kåre Borvik
Den eminente meldaren vår
kom i tillegg med eit hjartesukk:
-
Skriv for all del
opp namnet dykkar. Helst rimeleg tydeleg, og sett talet på turar bak namnet. Då
vert alt så mykje greiare for vedkomande som skal summere opp når sesongen er
slutt.
Og merk dykk gode turfolk:
Denne oppmodinga gjeld for alle 15 trimpostane